
Vaksenopplæring
Vaksenopplæringa i Ullensvang har to avdelingar, ei på Meieriet i Odda og ei på Sandvik i Kinsarvik.
Vaksenopplæringa tilbyr opplæring i norsk og samfunnsfag for minoritetsspråklege elevar og grunnskuleopplæring for vaksne. Dei har og har tilbod om spes. ped. for vaksne. Grunnskuleopplæringa blir gitt på avdelinga i Kinsarvik og gir kompetanse til å gå på vidaregåande skule.
Vaksenopplæringa kan leggja til rette for ulike kurs innan arbeidsretta norskopplæring, og dei gjennomfører realkompetansevurdering på grunnskulenivå i lag med dei andre vaksenopplæringane i regionen (Hardanger og Voss kompetanseregion).
Vaksenopplæringa legg vekt på eit trygt læringsmiljø der den einskilde får best mogleg læring ut i frå eigne føresetnader. Dei har krav på å bli sett, forstått og likeverdig behandla. Elevane kjem frå mange plassar i verda og vi er audmjuke for den omstillinga dei går gjennom.
Kontakt oss

Vaksenopplæringa avd. Kinsarvik
415 70 992

Prisar ved vaksenopplæring
Tilbod | 2021 | 2022 |
---|---|---|
TilbodUndervisning pr time 45 min | 202185 kr | 202285 kr |
TilbodStatsborgar- og Samfunnskunnskapsprøve | 2021850 kr | 2022850 kr |
TilbodNorsk munnleg prøve pr stk | 2021850 kr | 2022850 kr |
TilbodNorsk skriftleg prøve (3 delar) pr stk | 2021850 kr | 2022850 kr |
TilbodNorsk lytteprøve (enkel delprøve) pr stk | 2021300 kr | 2022300 kr |
TilbodNorsk leseprøve (enkel delprøve) pr stk | 2021300 kr | 2022300 kr |
TilbodNorsk skriveprøve (enkel delprøve) pr stk | 2021300 kr | 2022300 kr |