Undervisningstilbod ved kulturskulen

Musikk

Kulturskulen ynskjer at kvar enkelt elev skal få opplæring i musikk ut frå sine eigne foutsetningar, slik at eleven får eit meiningsfylt og stimulerande tilbod. Kulturskulen underviser i song/kor, band, korps, musikkteknologi og mange instrument.

Du kan få undervisning i rytmisk, folkemusikk og klassisk musikk, individuelt og i grupper. Lærarane i kulturskulen nyttar seg av ulike undervisningsmetodar i si undervisning.

Eit hovudmål er at alle elevar skal ta del i samspelsaktivitetar så snart som mogeleg, og at alle elevar skal få bidra til huskonsertar, institusjonskonsertar eller andre opptredenar i løpet av året. Me har også gode lærekrefter innen musikk- og videoproduksjon, så ein kan spele inn og leggje ut innslag.

  • Tverrfløyte
  • Klarinett
  • Saxofon
  • Kornett/trompet
  • Althorn
  • Valthorn
  • Trombone
  • Baryton
  • Tuba
  • Gitar
  • Bass
  • Hardingfele
  • Slagverk
  • Torader
  • Trekkspel
  • Keyboard
  • Piano
  • Vokal
  • Kor
  • Musikkteori
  • Musikk og data
  • Musikkterapi
  • Babygruppe

Teaterprodkuksjon

Likar du å spele andre karakterar enn deg sjølv? Å leve deg inn i ei heilt anna verd? Då kan skodespel vera noko for deg!

I våre teatertimar lærer du å gå inn i følelsar, uttrykk og ulike personlegheiter. Vi fremjer glede og meistringsfølelse gjennom leik, øvelsar og forestillingar.

Visulle kunstfag

Er du glad i å teikne og male? Då er visuell kunst noko for deg! Billedkunst handlar om å bruke augo og dei andre sansane våre. Kva er det vi ser? Gjennom bilete og skulpturer kan vi fortellje kvarandre kva vi ser og opplever.

Ullensvang kulturskule sine kurs inneheld teknikkar som teikning, maling, grafikk, støyping, modellering m.m. Målet er å utvikle evnen til å bruke sansane, stimulere lysta til å utforske ulike uttrykksmåtar og å gi mogelegheit for samarbeid med andre elevar. Me lagar utstillingar der alle elevane er representert.

  • Maling
  • Teikning
  • Grafikk
  • Modellering
  • Støyping