Retningslinjer for opptak av elevar ved kulturskulen
Ullensvang kulturskule har rettleiande retningslinjer for å ta vare på likebehandling og behov for tilrettelegging ved tildeling av elevplassar. Retningslinjene skal balansera ulike omsyn i opptaksprosessen, og sørga for brei rekruttering og tilpassa tilgang til undervisninga.
Retningslinjer
- Ullensvang kulturskule er eit frivillig kulturopplæringssenter for alle innbyggarane i kommunen. Kommunen kan gje tilbod til innbyggarar frå andre kommunar dersom særlege tilhøve seier det.
- Opptak av elevar skjer etter innstilling frå skulen sin administrasjon.
- For seint innkomne søknader vert ikkje handsama ved første opptak
- Søkarar som har stått på venteliste får behalda ansienniteten sin ved nytt opptak.
- I enkelte tilfelle vil også søkarar frå andre disiplinar si venteliste få behalda ansienniteten ved byte av disiplin.
- Søkarar med tidlegare elevstatus t.d. ved musikkbarnehage/førebuande undervising kan verta prioriterte ved opptak.
- Står søkarane elles likt, skal alder ligga til grunn for vurdering.
- Elevar som flyttar til kommunen som har hatt undervisning i andre kommunar vert prioriterte.
- Står søkarane likt etter at alle prioriteringar er gjort, vert det loddtrekning.
- Det er høve til å søka opptak på særlege vilkår. Dette vert vurdert administrativt i kulturskulen.
- Dersom ein søkar vert tildelt plass etter ordinært opptak, men av ulike grunnar ikkje ønsker å nytta plassen kan han likevel stå på venteliste til eit seinare høve.
- Annonsering av elevopptak skal kunngjerast på ein tilfredstillande måte. Elevpengesatsar og fristar for påmelding skal koma fram i utlysinga. Påmelding, og likeeins utmelding, skal vera skriftleg.
- Ein elev har høve til å søka permisjon. Dette kan berre innvilgast ut det skuleåret det blir søkt for. Utover dette vert eleven handsama som ny søkar. Administrasjonen i kulturskulen handsamer søknadar om permisjon.
- Elevpengar og evt utstyrsleige/materialkostnader vert fastsett av kommunestyret i samband med handsaming av budsjettet. Avgiftene blir betalte kvart semester. Dersom ein elev vel å slutta midt i eit semester, er eleven likevel pliktig til å betala full semesteravgift.
- Administrasjonen i kulturskulen kan ta standpunkt til søknader om heilt eller delvis fritak for semesteravgift.