Barn som sitter i ring og har undervisning ute

PPT – pedagogisk psykologisk teneste

PPT er ein sakkyndig faginstans med eit todelt mandat. Mandatet vårt er regulert i opplæringslova og barnehagelova, og omfattar både system- og individretta arbeidsoppgåver. PPT har eit system- og individperspektiv der vi ser desse to i samanheng og medverkar til ei heilskapleg tenking i barnehage og skule.

Tiltak for eit barn eller ein elev kan like gjerne vera å betra gruppe- eller klassemiljø, gruppe- eller klasseleiing, som å setje inn individuelle tiltak knytt til barnet eller eleven aleine. PPT skal sørge for at det vert utforma ei sakkyndig vurdering der lova krev det. PPT har ansvar for barn, unge og vaksne (med rett til grunnskuleopplæring). Vi har fokus på barn og unge sitt behov for god sosial og fagleg utvikling i barnehage og skule.

PPT har eit særleg ansvar for å støtta/hjelpa barnehage og skule i planlegging av tiltak for barn/unge med spesielle behov. Skule, barnehage og føresette kan kontakte og ev. tilvise/melde inn barn/elevar til PPT.

 

Tenesta vår bidreg med

  • Observasjon utgreiing av barn/unge og vaksne
  • Rettleiing til barnehage, skule og føresette
  • Utviklingsarbeid og kompetanseheving for barnehage og skule
  • Sakkyndig vurdering
  • Opplæringslova krev og sakkyndig vurdering i andre tilfeller. Dette gjeld vurdering av:
    • Tidleg eller utsett skulestart
    • Heilt eller delvis fritak for opplæringsplikta
    • Behov for tegnspråkopplæring

Kontakt oss

PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

Opheimsgata 31

5750 Odda

Tlf tid: 09:00 - 15:00

46 84 18 46

Torill Svåsand

Verksemdsleiar

torill.endal.svasand@ullensvang.kommune.no

90 21 19 26 / 53 65 40 00