Odda ungdomsskole

Odda ungdomsskole

Odda ungdomsskole er ein ungdomsskule med 3 parallellar på kvart trinn. Skulen vart opna i 1959, den gongen som Odda høgre ålmennskule. Skulen vart bygd ut på 70 talet og er heldt godt ved like. 

I skoleåret 2019-20 har skulen om lag 190 elevar. Elevane kjem til skulen frå Skare, Tyssedal, Odda og nordre delen av Kvinnherad. Odda ungdomsskole har eit stort uteområde sør for skulen med sambruk av idrettsarenaen på Eide.

Vi er stolte av gode spesialavdelingar for både forming, kroppsøving og ikkje minst musikk. Skulen har gjennom fleire år markert seg som ein skule der bandmetodikk i musikkfaget har gitt skulen nasjonalt ry. Skulen har og markert seg som ein skule som har vore nysgjerrig på dei  læringsmogelegheiter digitale verktøy gjev.

Odda ungdomsskole

Eidesmoen 72

5751 Odda

odda.ungdomsskole@ullensvang.kommune.no

97558475 / 53654950

https://odda.ungdomsskole.odda.no

Sven Olaf Brekke

Rektor

sven.o.brekke@ullensvang.kommune.no

97558475 / 53654950