Matrikkel

Matrikkelen – det offisielle eigedomsregisteret

Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register over fast eigedom, eigedomsgrenser, adresser og bygningar. Matrikkelen er regulert av matrikkellova. Registreringar i matrikkelen skjer etter føringsinstruksen laga av Statens kartverk.

Meir informasjon om matrikkelen finn du nettsida til Kartverket.no

Det er kommunane som har ansvar for drift og vedlikehald av matrikkelen. Opplysningar om bygning vert ført i matrikkel i samband med byggjesaker eller retting. Dersom eigar til dømes meiner at bygningen er registrert med feil bruksareal, kan han senda krav om retting i matrikkelen til kommunen.

 

For innsyn i kva som er registrert om din eigedom kan du kontakta kommunen og/eller gå inn på:

 

I høve takseringsarbeidet er det fyrst og fremst desse opplysningane me nyttar frå matrikkelen:

  • eigedomsidentifikasjon (gardsnummer, bruksnummer, festenummer, seksjonsnummer)
  • type eigedom
  • bygningar som er oppført på eigedom
  • areal på eigedom
  • areal per etasje på bygg
Matrikkel