
Logopedtenesta
Logopeden arbeider direkte med barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar. Tenesta arbeider indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule.
Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestasjon og PPT.
Logopedtenesta gjev flest tenester som tilpassa opplæring.
Arbeid på individnivå kan vera direkte og indirekte – og består av:
- Utgreiing og kartlegging
- Behandling
- Rettleiing
- Undervisning
Arbeid på systemnivå:
- Prosjekter
- Rettleiing
- Kurs og kompetanseheving
Arbeidsområdene til logopedtenesta:
- Språkvanskar
- Uttalevanskar/artikulasjonsvanskar
- Taleflytvanskar (stamming/løpsk tale)
- Stemmevanskar
- Språk-, tale- og svelgevansker etter ervervede hjerneskader (t.d afasi, taleapraksi, dysartri og dysfagi)
Saksgang
Det skal vera låg terskel inn til logopedtenesta. Foreldre, helsestasjon, barnehage, skule, personen sjølv kan tilvises tenesta. Dersom du er i tvil på om ei sak bør tilvisast eller ikkje, kan logopedtenesta kontaktast per telefon eller e-post.
NB! Dersom det er andre enn deg sjølv eller foreldre som kontaktar oss, hugs å drøfta saka anonymt.
Kontakt oss


