Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er ein ressursperson for deg som er kreftramma eller pårørande. Ho har informasjon om ulike tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorgen. Kreftkoordinator kan bidra med å koordinera og leggja til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag.

Kreftkoordinator er tilstade:

  • måndag, tysdag, onsdag og torsdag i partallsveker
  • måndag, tysdag og onsdag i oddetallsveker

Merk! Kreftkoordinator har ferie i veke 29-32

Kva kan krefkoordinator hjelpa deg med?

  • Å koordinera og leggja til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag.
  • Vera ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande.
  • Informera om ulike tenester, rettar og tilbod innan kreftomsorgen lokalt og regionalt.
  • Gje råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering.
  • Vera ein samtalepartner som kan bidra til å sortera tankar i ei vanskeleg tid.
  • Jobba tverrfagleg. Samarbeida med andre instansar som er relevant i ein sjukdomsperiode, samt i etterkant av sjukdom og behandling dersom behovet er der.

 

Lågterskeltilbod

Kreftkoordinatortilbodet er eit lågterskeltilbod. Det betyr at du ikkje treng henvisning frå lege eller sjukehus for å ta kontakt.

 

Du kan sjølv ringa, senda melding eller e-post for å gjera avtale.

Hege Lyssand

Kreftkoordinator

Besøksadresse: Bygdarbøen 2

5750 Odda

kreftkoordinator@ullensvang.kommune.no

975 58 544