Jobbsjansen

I verksemd for inkludering har me i år eit prosjekt som vert kalla Jobbsjansen. Dette er eit prosjekt som finnes i fleire kommunar i Noreg, og prosjektet vert finansiert av midlar frå Integrerings og mangfoldsdirektoratet(IMDI).

Hovedmålet til prosjektet er å bidra til at innvandrarar kjem seg i lønna arbeid eller begynner med utdanning.

I utgangspunktet er prosjektet retta mot innvandrarkvinner med låg utdanning og lite jobberfaring, men i Ullensvang har me og fått lov til å inkludera nokre menn i prosjektet.

Vegen å gå for å koma i arbeid eller utdanning kan vera lang for dei som har utfordringar med språk og kanskje lite arbeidserfaring. I Noreg har det over tid vorte færre jobbar for dei som ikkje har utdanning eller ei fagopplæring, og når du kjem til Noreg frå eit anna land har du heller ikkje det nettverket som mange nordmenn har.

Med utgangspunkt i kvar deltakar sine ynskjer og kompetanse jobbar me med å finna ein arbeidsplass som kan hjelpa dei på vegen mot lønna arbeid eller utdanning. Deltakarane får tett oppfølging frå prosjektet, og dei får deltakarløn. Det er ikkje alltid den rette arbeidsplassen finnes lokalt, og då har me i samarbeid med blant anna Muligheten vore kreative og starta opp ein arena for arbeid.

Gjenbruksstova på Lofthus er ein slik arena. På gjenbruksstova får deltakarar trening i mellom anna butikkarbeid, kundehandtering og språkpraktisering. I tillegg har gjenbruksstova ei systove der me tilbyr sømoppdrag og omtrekking av møblar, båtutstyr og diverse anna. Systova kom som eit resultat av at ein deltakar har lang erfaring med slikt arbeid frå sitt heimland.

 

IMG_20200204_115710814_HDR

Kontakt oss

Gunnhild Tjoflaat

Rettleiar Jobbsjansen

gunnhild.tjoflaat@ullensvang.kommune.no

908 65 795