Dokument som syner gebyrregulativ for kommunen

Gebyrregulativ: Plan, byggesak, oppmåling, seksjonering

Gebyrregulativet er ei lokal forskrift jf. forvaltningslova kap. VII

 

 

A.1 Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr i samsvar med satsane og retningslinene i regulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid.

Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden blir avslegen.

Dersom eit avslag medfører ein revidert søknad innan 3 månader og denne blir godkjent, skal 75% av først innbetalt søknadsgebyr/basisgebyr gå til frådrag i nytt gebyr. (For plansaker etter pbl §§ 12-3 og 12-11 og søknadssaker etter dei andre heimlane gjeld eigne reglar, sjå pkt. C.1.3, E.3 og F).

Kommunen skal av eige tiltak betale tilbake det rekvirenten måtte ha til gode. Det same gjeld der kommunen ved feil har kravd og motteke for mykje i gebyr.

Gebyr skal vere betalt innan 30 dagar rekna frå fakturadato. Ved for sein betaling kan kommunen krevje eit purregebyr på 10 % av rettsgebyret. Må kommunen purre fleire gonger, skal kommunen i tillegg til purregebyr krevje morarente i samsvar med morarentelova frå forfallsdato.

Det kan ikkje krevjast rentetillegg for for mykje betalt gebyr.

 

A.2 Kva for regulativ skal nyttast

Gebyra skal reknast ut etter det regulativet som gjeld den datoen kommunen tok mot ei tilfredsstillande melding, søknad, eller rekvisisjon.

 

A.3 Betalingstidspunkt

Før kommunen skriv ut bruksløyve eller ferdigattest, skal tilhøyrande gebyr vera betalt. Likeins skal gebyr for oppmålingsforretning og aktuelle tinglysingsgebyr vera betalt før mellombels forretning, målebrev eller registreringsbrev blir sendt til tinglysing.

For saker som skal betalast etter medgått tid og utlegg til sakkunnig hjelp, skal kommunen ved forskottsbetaling skriva ut eit førebels gebyr i samsvar med gjeve overslag. Når kommunen sine arbeid er fullført, skal kommunen rekna ut det endelege gebyret og skriva ut tilleggsrekning eller betala attende for mykje betalt gebyr.

Også for andre arbeid kan kommunen krevja at gebyret er betalt før kommunen sine arbeid tek til. For arbeid som skal betalast etter brukte timeverk, skal kommunen ved krav om førehandsbetaling stipulere gebyret. Til vanleg bør gebyr som skal reknast ut etter brukte timeverk og kommunen sine utlegg til sakkunnig hjelp, bli utskrive i ettertid.

Ved store oppdrag kan kommunen skriva ut rekning på utførte deler av arbeidet, men ikkje oftare enn månadsvis.

Klage på fastsetjinga av eit gebyr eller avgjerd av søknad om heilt eller delvis fritak for å betale gebyr, medfører ikkje lengre betalingsfrist.

 

A.4 Urimelege gebyr

Dersom eit gebyr er openbert urimeleg i høve til dei prinsipp som er lagt til grunn, det arbeidet og dei kostnadene kommunen har hatt, kan rådmannen eller den som han/ho gjev fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit høveleg gebyr.

Fullmaktshavar kan under same føresetnader og med bakgrunn i grunngjeven søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.

 

A.5 Fritak for gebyr

Når særlege grunnar tilseier det, kan kommunen etter kommunalt fastsette retningsliner heilt eller delvis gje fritak for betaling av gebyr til kommunen i ei konkret sak.

 

A.6 Klage

Gebyr sett i medhald av satsar fastsett i forskrift kan ikkje påklagast. Gebyr fastsett i medhald av A4, kommunens skjønn, er å sjå på som enkeltvedtak og kan påklagast. Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak gjort i medhald av dette regulativet for gebyr etter plan- og bygningslova og forureiningslova.

 

A.7 Avbrote arbeid

Når ein tiltakshavar/rekvirent er årsak til at kommunen sitt arbeid blir avbrote, skal det betalast gebyr i høve til det som er utført eller som kommunen må utføra.

 

A.8 Endring av regulativet eller gebyrsatsane

Kommunestyret vedtek endringar av gebyrregulativet, normalt i samband med kommunestyret si behandling av budsjettet for komande år.

Dersom kommunestyret vedtek at gjeldande regulativ skal indeksregulerast, skal satsane regulerast i samsvar med KS’ “Hovedoversikt over kommunale arbeidstakere tabell II over endringer i månedsfortjeneste i % for teknisk sektor.” Ved nemnde regulering skal ein avrunda satsane. Satsar over kr 50 skal ein avrunda til heile 10 kroner.

 

A.9 Gebyr til statlege etatar

Der kommunen skal krevja inn gebyr til statlege etatar for saker etter dette regulativet, skal utskriving og innkrevjing av kommunale og statlege gebyr skje samordna.

B.1 Timepris

For gebyr som skal reknast ut etter medgått tid, jf. regulativet, skal det nyttast følgjande timesatsar:

a) Kontorarbeid, sakshandsamar kr 1.300

b) Feltarbeid:

  • Einskildperson kr 1.400
  • Målelag kr 2.100
  • Minstegebyr for målelag kr 3.900

 

B.2 Innhenting av eigedomsinformasjon / megleroppgåver

Innhenting av eigedomsinformasjon vert fakturert som kontorarbeid etter punkt B.1 med ein til tre timar. 

C.1.1 Planavklaringsmøte med referat (per møte) (§12-8)

a) Enkel sak kr 2.850

b) Middels tung sak kr 5.900

c) Komplisert sak kr 8.600

Der det innan eit år kjem søknad om godkjenning i same sak, skal betalt gebyr for første planavklaringsmøte koma til frådrag i basisgebyret etter pkt. C.1.2. 

 

C.1.2 Privat forslag til detaljregulering, eller endring av gjeldande reguleringsplan (plbl §§ 12-3 og 12-11)

Saksgebyret skal kommunen rekna slik::

Gebyr: Basisgebyr*

    • Enkel sak: kr. 30.000
    • Middels tung sak: kr. 57.750
    • Komplisert sak: kr. 84.000

Gebyr: Tillegg for bearbeiding

    • Enkel sak: kr. 5.900
    • Middels tung sak: kr. 10.500
    • Komplisert sak: Etter medgått tid og utgifter til sakkunnig bistand. Minstegebyr: Kr. 12.800

* Basisgebyret er eit fast gebyr til dekking av kommunen sine gjennomsnittskostnader med ein søknad som er fullstendig frå søkjar si side, fram til saka er ei ”offentleg” plansak.

Ein forutset at planen er utarbeida ved digitale teknikkar og vedlagt søknaden i digital form.

Inndelinga er definert slik:

  • Enkel sak: I samsvar med overordna plan, regelverk og offentlege vedtak.
  • Middels tung sak: Delvis i samsvar med overordna plan, regelverk og offentlege vedtak.
  • Komplisert sak: Forslag i strid med overordna regelverk, plan eller offentleg vedtak

Dersom kommunen som ledd i sakshandsaminga fram til saka blir ei ”offentleg” plansak, må bruka tid på bearbeiding av planpresentasjonen, skal det betalast eit tilleggsgebyr som vist i tabellen. 

Administrasjonen står fritt til å kunne redusere basisgebyr for plansaker etter ei særskilt vurderering der arbeidsmengde ikkje kan rettferdiggjere gebyret. 

 

C.1.3 Fornya søknad

Dersom det innan eitt år blir innsendt fornya søknad for plan som er nekta fremja, skal det betalast halvt basisgebyr (pkt. C.1.2) og fulle tilleggsgebyr der søknaden medfører tilleggsarbeid for kommunen.

Ein fornya søknad skal klassifiserast ut frå den situasjonen som søknaden er i, i høve til klassifiseringsreglane ovanfor. Deretter skal kommunen rekna ut gebyret for saka.

 

C.1.4 Søknad om planendring

For søknad om endring av godkjent plan, skal det betalast følgjande gebyr:

Basisgebyr:

  • Klasse 1 Mindre reguleringsendring²) kr 11.550
  • Klasse 2 Reguleringsendring³): Basisgebyr iht. C.1.2, redusert med 25%

Ein forutset at plankart er i digital og nasjonal godkjent standard.

²Mindre reguleringsendringar vert avgjort av fagkomiteen i Ullensvang kommune. Mindre endringar er tiltak som ikkje får nemneverdig tyding for berørte partar. Ingen vesentlege partsmerknadar mot endringane.

³Same formkrav til planprosess som utarbeiding av reguleringsplan.

 

C.1.5 Konsekvensutgreiing

Der kommunen skal godkjenne konsekvensutgreiing utført på vegne av tiltakshavar, skal det betalast gebyr etter medgått tid og utlegg som kommunen måtte ha hatt til sakkunnig hjelp. 

Minstegebyr for kvart utgreidd tilhøve (jf. tabell I og II i forskrifta) kr 7.800

D.1.1 Førehandskonferanse (plbl § 21-1)

a) Søknadssak – enkel sak (tiltaksklasse 1): kr 0

b) Søknadssak – middels tung sak (tiltaksklasse 2): kr 0

c) Søknadssak – komplisert sak (tiltaksklasse 3): kr 0

 

D.1.2 Gebyr ved mottakskontroll av byggesaker

Gebyr ved store manglar ved søknad som krev meir enn eit brev,  gjentatte purringar etter informasjon før sakshandsaminga kan takast opp – kr 1.940

 

D.1.3 Dispensasjon (pbl §§ 19-1 og 19-2)

Gebyr for dispensasjon og avvik kjem i tillegg til saksgebyr etter pkt. D.2.5.

a) Gebyr dispensasjonssak frå plan som ikkje krev høyring mot eksterne partar – kr 7.000

b) Gebyr dispensasjonssak frå plan som krev høyring mot eksterne partar – kr 13.000

c) Gebyr fråvik frå TEK17 eller andre tekniske krav – kr 3.150

d) Gebyr dispensasjon frå veglova, eller byggegrense til veg fastsett i plan kr 3.150

Ved dispensasjon frå arealplanar som er eldre enn 30 år kan administrasjonen heilt eller delvis frita søkjar frå å betale gebyr. Dette skal gjerast etter ei konkret vurdering og det skal føreligge særlege grunnar for å kunne gje eit slikt fritak, jf. A.4.

 

D.1.4 Sakkunnig hjelp

Der kommunen leiger inn sakkunning hjelp for kontroll, uttale og vurderingar i samsvar med lov- og forskriftskrav og liknande, vert gebyret sett lik kostnad for slik hjelp. I tillegg vert det pålagt sakshandsamingsgebyr jf. D.2.

 

D.2 Søknadspliktig tiltak (plbl § 20-1)

Opprekninga av tiltak under D.2 er ikkje uttømmande. Kommunen fastset i alle søknadssaker kva punkt i regulativet gebyret skal reknast ut etter.

Faste gebyr føreset at søknaden er i samsvar med førehandsgodkjende tekniske løysingar. Der dette ikkje er tilfelle, skal gebyra reknast ut etter medgått tid og kommunen sine utlegg til fagkunnig hjelp. I desse sakene skal fastgebyret vera minstegebyr.

Der eit tiltak er eit kombinasjonstiltak med fleire ulike og sjølvstendige brukseiningar, skal det betalast gebyr etter den høgste tiltaksklassen. For søknader der gebyr skal betalast per eining som inngår i søknaden, gjeld regelen om høgste gebyrkategori berre vedkomande eining.

Gebyr for handsaming under D.2.4 inkluderer handsaming av søknad i eitt-trinn, søknad om rammeløyve, søknad om igangsetjingsløyve(-r) og handsaming av ferdigattest.

 

D.2.1 Tiltak som krev søknad og løyve som kan forestås av tiltakshavar (pbl § 20-4)

a) Sak som krev oppdatering av offentleg kart eller register: kr 4.850

b) Sak som ikkje krev oppdatering av offentleg kart eller register: kr 2.900

Der tiltakshavar innan 3 år sender revidert søknad som medfører ajourføring av offentleg kart eller register, skal det betalast tilleggsgebyr tilsvarande 25 % av gebyr etter pkt. a.

 

D.2.2 Oppføring av bygning (plbl § 20-1 a)

D.2.2.1 Bustad- og fritidshus;

  • Bustadhus (for første bueining): kr 8.000
  • Fritidshus kr 15.000

Der bygningen har fleire bueiningar som tilfredsstiller tekniske krav for å kunna bli registrert som eigen seksjon etter lov om eigarseksjonar, skal det betalast følgjande tillegg per eining:

  • Bueining nr. 2 til og med nr 5: 50 % av satsane i tabellen. 
  • Frå og med bueining nr. 6: 20 % av satsane i tabellen. 

For bueining som ikkje tilfredsstiller dei fysiske krava for å kunna bli registrert som eigen seksjon etter lov om eigarseksjonar, skal det per eining betalast eit tillegg på 20 % av satsane i tabellen.

 

D.2.2.2 For handsaming av alle typar nybygg, samt tilbygg, påbygg, underbygg og hovudombygging, pbl 20-1-a, skal det betalast gebyr etter bebygd areal (BYA), unnateke parkering og interne vegar:

Minstegebyr: kr 4.850

51 m² til 200 m² pr m² kr. 100,00 i tillegg

201 m² til 400 m² pr m² kr. 69,00 i tilleggg

401 m² til 600 m² pr m² kr. 53,00 i tillegg

alt over 600 m² pr m² kr. 28,00 i tillegg

For kvar etasje over og under betalast eit tillegg på 50 % av BYA.

Næringsbygg (definert som industribygg, kontorbygg og salslokale) får 30 % reduksjon.

 

D.2.3 Fasadeendring m.v. (plbl § 20-1-c)

Fasdeendring kr 5.800

 

D.2.4 Bruksendring m.v. (plbl § 20-1-d)

  1. Bruksendring som ikkje medfører endring av bygg, tekniske installasjonar m.v.: kr 2.800
  2. For søknad som samstundes føreset endringar av eksisterande bygning, konstruksjon eller anlegg, skal det betalast aktuelt gebyr for endringane i samsvar med D 2.2.2

 

D.2.5 Riving av bygning, konstruksjon eller anlegg (plbl § 20-1-e)

  • Bygningar med BRA < 100 m² kr 2.520
  • Bygningar med BRA > 100 m² og < 300m2 kr 5.250
  • Bygningar med BRA > 300 m² kr 7.880
  • Konstruksjonar og anlegg etter medgått tid og evt. utlegg til fagkunnig hjelp. Minstegebyr: kr 2.550

Dersom riving inngår i søknad om nybygg skal det ikkje reknast gebyr for riving.

 

D.2.6 Oppføring eller endring av byggtekniske installasjonar (plbl § 20-1-f)

For heis, rulletrapp o.l. gjeld pkt. D.2.12.

For andre søknadstiltak, skal det berre krevjast særskilt gebyr der søknaden er eit sjølvstendig tiltak. Gebyret skal reknast ut i høve til medgått tid og utlegg til fagkunnig hjelp.

Minstegebyr: kr 5.050

 

D.2.7 Oppdeling eller samanslåing av brukseining(ar) i bustad m.v. (plbl § 20-1-g)

For samanslåing eller oppdeling av brukseiningar, er gebyret pr deling/samanføying kr 3.250

 

D.2.8 Oppføring av innhegning mot veg, skilt eller reklame (plbl § 20-1-h)

Der tiltaket inngår i søknad etter plbl § 20-1, skal det ikkje krevjast gebyr. 

Der tiltaket er eit sjølvstendig søknadstiltak i tiltaksklasse 1, er gebyra: 

  • Innhegning mot veg kr 3.250
  • Skilt/reklame (plbl § 20-1) utan godkjent plan. Pr. sak. kr 3.250

 

Der tiltaket er i høgre tiltaksklasse enn 1, skal det betalast etter brukte timeverk og utlegg til fagkunnig hjelp.

Minstegebyr: kr 4.100

 

D.2.9 Vesentlege terrenginngrep (plbl § 20-1-k)

  • Enkel sak (klasse 1): kr 3.250
  • Middels tung sak (klasse 2): kr 5.050
  • Tung sak (klasse 3): medgått tid og utlegg til fagkunnig hjelp. Minstegebyr: kr 8.300

 

D.2.10 Oppretting av ny grunneigedom mm. (plbl § 20-1-m)

kr 4.850

 

D.2.11 Konstruksjon og anlegg (plbl § 20-1)

Enkle byggverk og konstruksjonar, f.eks. kiosk, mast, enkle bygg for reinseanlegg,  damhus o.l., Derimot skal det for større byggverk og tiltak etter pbl § 29-6, 29-9  (heis m.v.) som inngår i eit anlegg, også betalast gebyr etter D.2.2.2.

For konstruksjon og anlegg i tung sak (klasse 3) skal gebyret reknast ut etter  brukte timeverk.

Minstegebyr: kr 5.050

For konstruksjon og anlegg i enkel og middels tung sak er gebyret:

 

  • Parkerings-/opplagsplass, støttemur, vernevoll/-grop, kai, molo, o.l.

 

      • Enkel sak (klasse 1): kr 5.050
      • Middels tung sak (klasse 2): kr 10.200

 

  • Vegar med tilhøyrande innretningar inntil 500 m lengde:

 

    • Enkel sak (klasse 1): kr 5.050
    • Middels tung sak (klasse 2): kr 10.200

For vegar som er lengre enn 500 m, skal kommunen krevja eit tillegg som svarar  til meirkostnadene som kommunen får for denne delen av si sakshandsaming.

Der del av eller innretning til eit veganlegg er klassifisert som tiltak i høgre klasse  enn hovudanlegget, t.d. ei bru, skal kommunen krevja eit tillegg som svarar til dei meirkostnadene kommunen får for denne delen av si sakshandsaming.

 

  • Damanlegg, basseng, brønn o.l.

 

      • Enkel sak (klasse 1): kr 5.050
      • Middels tung sak (klasse 2): kr 10.200

 

  • Røyranlegg (vatn, avlaup, olje, gass), El-, Tele, TV og signalanlegg over, på og under jorda si overflata for inntil ein km trasélengd:

 

    • Enkel sak (klasse 1): kr 5.050
    • Middels tung sak (klasse 2): kr 10.200

For leidningstrasé som er lengre enn 1 km, kan kommunen krevja eit tillegg  som svarar til meirkostnadene i høve til grunngebyret.

Der det blir lagt fleire typar leidningar (røyr og kablar) i same grøft, skal det betalast eit tilleggsgebyr på 50 % for kvar ekstra leidningstype som blir lagt.

 

  • Andre konstruksjonar og anlegg:

 

For andre typar konstruksjonar og anlegg skal det betalast gebyr etter medgått tid også for tung sak. Minstegebyr: kr 5.050

For enkel og middels tung sak er gebyret:

  • Enkel sak (klasse 1): kr 5.050
  • Middels tung sak (klasse 2): kr 10.200

 

D.2.12 Heis, rulletrapp, og rullande fortau. (pbl § 29-9)

Der kommunen må nytta sakkunnig hjelp til sakshandsaming og i kontroll av anlegg  som er i drift, skal eigar (tiltakshavar) dekkje kommunen sine utlegg til sakkunnig  hjelp. I tillegg skal det betalast eit saksgebyr for kommunen sitt arbeid: kr 5.050

Der privat firma utfører kontroll og tilsyn og ber kommunen om å fatte vedtak om  pålegg skal det betalast eit saksgebyr for kommunen sitt arbeid: kr 5.050

Der kommunen sjølv utfører sakshandsaminga eller tryggleikskontrollane, skal det  betalast følgjande gebyr:

 

D.2.12.1 Ny heis, rulletrapp, rullande fortau, permanente løfteinnretningar o.l.

  1. Heis, rulletrapp, rullande fortau for person eller kombinasjon person/vare: kr 5.050
  2. Heis, rulletrapp, rullande fortau (transportband) for varer, løfteinnretning: kr 7.350

 

D.2.12.2 Ombygging og større reparasjonar

  1. Heis, rulletrapp, rullande fortau for person eller kombinasjon person/vare: kr 5.050
  2. Heis, rulletrapp, rullande fortau (transportband) for varer, løfteinnretning: kr 7.350

 

D.3 Endringar i høve til gjeve løyve

For sakshandsaming av endringsforslag skal det betalast slikt gebyr:

Søknadsendring der det må sendast nytt nabovarsel kr 4.000

Søknadsendring som ikkje krev nabovarsling kr 2.000

Er det søkt om større endring(ar), kan kommunen krevja at saka skal handsamast  som ny sak. Kommunen skal i så fall avgjera om det skal fastsetjast reduserte  gebyr i høve til regulativet, jf. pkt. A.4.

 

D.4 Mellombels bruksløyve (plbl § 21.10)

For handsaming av mellombels bruksløyve – kr. 3 000,-

 

D.5 Handsaming av avvik

For handsaming av rapportert avvik eller avvik som er avdekt gjennom tilsyn, er gebyret per handsama avvik: kr 2.550

Minstegebyr: kr 5.050

 

D.6 Ulovlege byggearbeid

Der det ikkje vert kravd sakshandsamingsgebyr etter andre satsar i regulativet, vil kommunen kreva gebyr etter medgått tid og satsar i pkt. B.1 for sitt arbeid med ulovleg byggesak. I tillegg kan kommunen krevje dekka sine kostnader til sakkunnig bistand.

 

D.6.1 Lovbrotgebyr. (Plbl § 32-8, jf. SAK10 § 16-1)

Føretak kan ileggast lovbrotgebyr inntil gjevne beløpsgrenser for forsettlige eller uaktsomme overtredingar som nevnt i byggesaksforskrifta § 16-1 bokstav a til g. Privatpersonar kan ileggast lovbrotgebyr inntil halvparten av gjevne beløpsgrenser for forsettlige eller uaktsomme overtredingar som nevnt i bokstav a til g.

Forretning etter matrikkellova (matrikkellova §32, forskrift §16)

 

E.1 Oppmålingsforretning av ny grunneigendom og festegrunn.

For samtidig matrikulering av fleire tomter i regulert område, på same grunneigedom, vert prisen frå og med den 5. tomta redusert med 30%.

  • areal til og med 5000 m2² – kr 23.000
  • areal over 5000 m² – kr 23.000 + (0,3 kr/m²x arealet i m²)

 

E.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn

Gebyr skal reknast etter punkt E.1

 

E.3 Oppretting av anleggseigedom  

Etter medgått tid. Minstepris: kr 26.250

 

E.4 Registrering av eksisterande jordsameige eller endring i registrert sameigefordeling.

Etter medgått tid.

 

E.5 Justering av eksisterande grenser for grunneigedom, festegrunn og jordsameige.

  • Areal frå 0 – 250 m²: kr 6.600
  • Areal frå 251 – 500 m²: kr 11.550

 

E.6 Arealoverføring 

  • Areal: 0 – 250 m2: kr 6.600
  • Areal: 251 – 500 m2: kr 11.550
  • Areal: 501 – 5000 m2 kr 23.000
  • Areal over 5000 m2 vert rekna ut frå E.1.b

 

E.7 Oppmålingsforretning over grenser og grensepåvising.

For 3 punkt kr 8.300

For overskytande grensepunkt, per punkt kr 1.370

 

E.8 Matrikkelføring av privat avtale om grense

Gebyr etter medgått tid

 

E.9 Oppmålingsforretning utført utan markarbeid

Kontorforretning – kr 8.300

 

E.10 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Gebyr skal betalast etter regelen i pkt. A.7. Minstegebyr kr 3.900

 

E.11   Utarbeiding av matrikkelbrev for grunnareal til seksjon

Minstegebyr kr 10.200 +

tillegg frå 1 m² opp til maks. grense på 500 m². kr 25,00 pr. m²

Der utarbeiding av matrikkelbrev ikkje krev markarbeid, er gebyret per seksjon kr 8.600

Ved reseksjonering som medfører endring av grenser for ein seksjon sitt uteareal, skal det  lagast nytt matrikkelbrev. Gebyr skal betalast i samsvar med ovanståande satsar.

F.1 Krav om seksjonering eller reseksjonering av ein eigedom

A. Sak som krev synfaring: fem rettsgebyr.

B. Sak som ikkje krev synfaring: tre rettsgebyr.

 

F.2 Utarbeiding av målebrev for grunnareal som er del av ein seksjon

Der det inngår grunnareal i ein seksjon, skal det i tillegg til seksjoneringsgebyr etter F.1, betalast gebyr etter reglane i pkt. E.11.

 

F.3 Ny handsaming av avslegen søknad

Der fornya søknad om seksjonering eller reseksjonering av eit bruksnummer eller festenummer, fører til godkjenning eller nytt avslag, skal halvparten av tidlegare betalt gebyr koma til frådrag dersom søknaden kjem til kommunen innan tre månader etter dato for avslag. (Kjem ny søknad på seinare tidspunkt, skal det betalast fullt gebyr.)