Utrekning av eigedomsskatt - areal

Berekna bruksareal

Bygningen sitt bruksareal

Taksten tek utgangspunkt i faktaopplysningar om bygg.

Bygningen sitt bruksareal (BRA) = måleverdig areal innom yttervegg pr. plan.

Utrekning av eigedomsskatt - areal

(BTA) = måleverdig areal inkludert yttervegger pr. plan.

 

Sidan takseringa skjer ved utvendig oppmåling, vert BRA berekna på grunnlag av
bruttoarealet (BTA) minus ein standardfaktor for fråtrekk av yttervegg.

Utrekning av eigedomsskatt - areal

Måleverdig areal

Eit areal er måleverdig når fri høgde er minst 1,90 m og breidda er på minst 0,60 m.

Delen med skråtak vert rekna som måleverdig inntil 0,60 m utanfor høgda 1,90 m.

 

Det er uavhengig av om planet er innreia eller tilgjengeleg.

NS 3940 fastset reglar for måling av areal.

Utrekning av eigedomsskatt - areal

Målereglar (jf brukarbok for matrikkelklienten til Statens kartverk versjon 1.):

Kjellarplan (K):

Eit plan der underkant dekke eller himling er høgst 0,75 m over planert terreng – gjennomsnittsnivå rundt bygningen.

Utrekning av eigedomsskatt - areal

Underetasje (U):

Eit plan der underkant dekke eller himling er høgare enn 0,75 m, men høgst 1,5 m over planert gjennomsnittsnivå.

Utrekning av eigedomsskatt - areal

Hovudetasje (H):

Eit plan der underkant dekke er høgare enn 1,5 m over planert terrengs gjennonsnittsnivå rundt bygningen., og der den frie bredda i høgde 1,9 m må minst være 1,9 m.

Utrekning av eigedomsskatt - areal

Loft (L):

Eit tilgjengelig rom over øvste alminnelige etasje som ikkje oppfyller krava til alminnelig etasje. Fri høgde må være større eller lik 1,9 m i ein bredde på minst 0,6 m. Loftsarealet vert målt til 0,6 m utanfor høgde på minst 1,9 m.

Utrekning av eigedomsskatt - areal