Elever som går på tur blant epletre i bløming

Opedal skule

Opedal skule er ein barneskule med 119 elevar fordelt på 1.-7.klasse. Me har 12 personar i pedagogisk stilling, ti assistentar, to lærlingar, inspektør og rektor. 

Satsingsområdet vårt er arbeid med verdiar og systematisk arbeid etter Læringssirkelen for å sikra trivsel og læring hjå alle. Me legg vekt på god klasseleiing med positive relasjonar mellom elev/elev og mellom elev og lærar. Me har fokus på «Vurdering for læring» og me arbeider for gode tilbakemeldingar og framovermeldingar i læringsprosessen. Skuleåret 2019-2020 er kollegasamarbeid og arbeid med Fagfornyinga eit satsingsområdet. 

Me ynskjer å arbeida for eit godt skule/heim samarbeid. Skulen legg vekt på fysisk aktivitet og felles skulemåltid. Alle elevar får tilbod om skulemjølk og frukt. 

 

  • SFO tlf: 90 70 62 12 / 536 61 253:
  • Skulen har SFO tilbod frå kl. 07.15 – 16.00 kvar dag

 

Elevar frå Opedal skule kan også nytte seg av SFO tilbod ved Sekse barnehage og SFO.

  • SFO tlf: 481 78 773
  • Tilbod om SFO frå kl. 13.00/14.00 – 16.00 kvar dag

Opedal skule

Hellelandsvegen 40

5781 Lofthus

95237206 / 53661253

https://www.minskole.no/opedal

Helga Opedal

Rektor

helga.opedal@ullensvang.kommune.no

53661253 / 95237206