Vi tek ikkje imot avfall i farga sekkar på miljøstasjonane. Du kan heller ikkje bruke gratissekkane til plastemballasje som bossekk.
Vi vil gjerne sjå kva du kastar på stasjonane våre. Om du lyt bruke sekk når du leverer avfall, så må sekken vera gjennomsiktig ved levering på miljøstasjonen. Vi gjer merksam på at regelen med gjennomsiktig sekk gjelder alle typar avfall, også kjeldesortert avfall og hageavfall.
Ikkje bruk sekkar meint til plastemballasje
Kommunen sine sekkar du får gratis til plastemballasje vert ofte brukt feil som søppelsekk. Vi tek berre imot slike sekkar dersom dei er fylt med plastemballasje.
Lever gjerne avfall laust
Det er ulike måtar folk vel å levera skrot til miljøstasjonane på. Mange legg ting dei skal kaste laust i ein tilhengar, eller i ein open kasse eller liknande. Dette er eit greitt alternativ til sekk. Vel du derimot å samla saman avfall i ein sekk, for eksempel restavfall som isopor, nett for ved, mindre plastgjenstandar og liknande, så lyt sekken vera gjennomsiktig. Det er heller ikke godkjent å transportera avfall i svart sekk, sjølv om du heller ut innhaldet.
Slik får du tak i sekkar
Gjennomsiktige avfallssekkar får du kjøpt på mange daglegvarebutikkar og dei fleste byggevarehus. I butikkar finn du sekkar i ulik kvalitet til ulik pris. På alle kommunen sine miljøstasjonar sel vi rullar med ti gjennomsiktige sekkar for kr. 55,- eller ein sekk for kr. 5,-
Tenk gjenbruk! Eit tips er å tømma innhaldet ut av sekkene, og bruk dei opp att ved neste avfallslevering.
Gjennomsiktige sekkar for miljøet
Når avfall vert levert i svarte- og farga sekker veit vi at farleg avfall og elektronikk dessverre ofte vert kasta feil som restavfall. Sidan slikt avfall inneheld miljøgifter og gir auka brannrisiko, lyt det spesialbehandlast. Farga sekkar inneheld også anna avfall som burde vore sortert i ulike containerar. Gjennomsiktige sekkar aukar materialattvinninga og sikrar ein meir miljøvenleg bruk av avfallsressursane.