Kva kan du levera i oppsamlingsboksane?
Heile, reine og tørre tekstilar kan du levera i oppsamlingsboksane til Fretex, UFF eller NorgeGir. Boksane står på miljøstasjonane våre og på andre innsamlingsstader. Hugs å knyta plastsekker eller -posar godt då dette gjer det enklare ved tømming av boksar og vidaretransportering av tekstilar.
Bruktbutikkar tek òg imot klede og sko.
Du kan levera dette i boksane:
- klede og tekstilar
- sko
- belte og vesker
- smykke og anna tilbehøyr
Sjølv om eit plagg manglar ein knapp, har ein liten flekk eller eit hòl som er lett å reparera, kan du framleis levera det her. Det viktigaste er at det er reint og tørt.
Kvar leverer du øydelagde tekstilar?
Om kleda er utslitne og ikkje eignar seg for resirkulering eller ombruk, kan du levera dei som restavfall på alle miljøstasjonane våre.
Hugs at du må levera avfall i gjennomsiktige plastsekkar eller -posar, dette for at vi skal kunna sjå kva du leverer.
Kva kostar det?
Det er gratis å levera heile og reine tekstilar i oppsamlingsboksane.
Øydelagde tekstilar som du leverer i sekkar på miljøstasjonen, betaler du for på same måte som anna restavfall.