Generelt om forsøpling

Alle har medansvar for ein rein og triveleg natur i by, bygder og elles i kommunen.

  • Alle innbyggjarar og alle som ferdast i kommunen, har eit ansvar for å unngå forsøpling.
  • Alle innbyggjarar pliktar å vere knyta til kommunal renovasjon (avfallsinnsamling).
  • Avfall må ikkje leggjast igjen utanfor avfallsbehaldarane, og desse må vere store nok til at lokket kan lukkast til ei kvar tid.

Reglane om forsøpling finn du mellom anna i politivedtektene til Ullensvang kommune.

Sorter avfall rett

Resirkulering er viktig for miljøet vårt. Kvar og ein har ansvar for orden og ryddighet rundt eigne avfallsbehaldarar. Viss det ikkje er sett opp felles behaldarar for avfall akkurat der du ferdast, skal du ta med avfallet heim.

Ingen må lagra eller handtera avfall på ein måte som verkar skjemmande eller kan vere til skade eller ulempe for miljøet (forurensningsloven § 28). Den enkelte må sjølv sørgja for å frakta grovavfall som kasserte møblar, bygningsavfall og kvitevarer til miljøstasjonen.

Dumping eller brenning av privat- eller næringsavfall i naturen er forbode, og bryt med ei rekkje lover og forskrifter. Alt avfall skal leverast til godkjende mottak. Det er kommunen som har ansvaret for oppfølging av forsøplingssaker. For å følgja opp slike saker etter regelverket, må kommunen kjenna til kven som er ansvarleg for forsøplinga. I omfattande tilfelle, eller der påpeiking av plikt ikkje fører fram, vil kommunen kunna følgja opp med eit formelt varsel om vedtak om pålegg, og tvangsmulkt.

Ei form for forsøpling kan vera ulovleg lagring av brukte gjenstandar, til dømes bilvrak, på eiga eigedom. For enkelte kan det òg stå fram som ein økonomisk gevinst å dumpa avfall, slik at det blir danna ulovlege avfallsplassar/villfyllingar.

Tips til sortering

Alle våre miljøstasjonar finn du her

Akutt forureining

Akutt forureining skal meldast til brannvesenet på telefon 110.

Bålbrenning

Frå 15. april til 15. september er det forbode å brenna bål i skog og mark. Kommunen kan gi løyve til bålbrenning, dersom lokale forhold tilseier det.

Melding om bålbrenning kan ringast inn til brannvesenet.

Forlatne båtar – forsøpling

Forlatne båtar kan også vere forsøpling. Blir båten liggjande utan vedlikehald, vil den over tid sleppa ut forureining i sjøen. Han kan òg vere til sjenanse for dei som brukar området. Forurensningsloven §§ 7, 27 og 28 og kommune kan påleggja opprydding jf. § 37. Kommunen er styresmakt.

Du kan få utbetalt 1000 kroner når du leverer fritidsbåten til eit lovleg avfallsmottak som båtvrak. 

Les meir om vrakpant på båt på Miljødirektoratet sine nettsider.

Kva plikter og krav er sett til den som driv utsalsstad og/eller er festivalarrangør

Den som driv daglegvarehandel, bensinstasjon, kiosk, leirplass, festivalar andre liknande utsalsstadar eller arrangør av tilstellingar eller stemnar skal sørgja for oppsetjing av avfallsbehaldar i nærleiken av salsstaden og tømming av desse. I tillegg skal dei gjennomføra nødvendig opprydding i området. Det same gjeld den som driv leirplass eller anna turistanlegg. 

Arrangør av tilstellingar eller stemna, som til dømes festivalar, skal sørgja for naudsynt opprydding etterpå etter forureiningslova § 35. 

Kommunen fører tilsyn med desse pliktene, og kan følgja opp brot gjennom å gje dei pålegga som er naudsynte til gjennomføring av reglane. 

Les meir om handtering av avfall ved arrangement her. 

Ansvar som grunneigar

Om du er kjend med at det er leigetakarar eller andre som er ansvarlege for å ha plassert avfall eller brukte gjenstandane på eit aktuelt område du eig, må du få desse til å rydda opp. Informer om plikta til å nytta offentleg renovasjonsordning for hushaldavfall.

Ved melding om forsøpling, skal det vurderast det om den/dei ansvarlege kan identifiserast. Dette er naudsynt for at kommunen kan følgja opp saka. I saker av stort omfang, der det er brot på regelverket og forsøplinga kan vere skjemmande eller til skade eller ulempe for miljøet, vil dei ansvarlege kunna få pålegg om å rydda etter seg. 

Om dei ansvarlege ikkje identifiserast, og det er snakk om alvorslege saker, der avfallet medfører brot på forureiningslova § 7 om fare for forureining, er det derimot grunneigaren som sit att med ansvaret. Som grunneigar bør du difor tenkje på kva tiltak som kan setjast i verk for å avgrensa moglegheita for avfallsdumping. Døme kan vere skilting, sperring/vegbom, rydding av skog/kratt, plantning, belysning osb.