Handtering av avfall ved arrangement

Skal du arrangera festival, frivillig initiativ eller liknande i kommunen? Du kan bestilla eigne avfallsdunkar frå renovasjonstenesta mot betaling.

Ditt ansvar som arrangør

Som arrangør har du ansvar for å rydda opp og handtera avfallet frå arrangementet:

  • Eigne løysingar: Avfall direkte frå arrangements- eller festivalområdet skal de handtera gjennom eigne løysingar som de sjølve organiserar og betalar for.

Loven seier at dei som driv næringsverksemd (som kiosk, leirplass eller turistanlegg), òg har plikt til å setja opp avfallsbehaldarar, tømma dei og rydda i området.

Les meir om næringsrenovasjon

§ 35 i forureiningslova seier at den som driv daglegvarehandel, bensinstasjon, kiosk og liknande utsalsstad skal sørge for at det blir satt opp avfallsbehaldarar i nærleik av salsstaden, og tømming av desse. Dei som driv leirplass eller anna turistanlegg har og plikt til å sette opp og tømme avfallsbehaldarar. Dei som driv alle former for verksemd eller liknande dei nemnt over, skal og gjennomføre naudsynt opprydding i området. 

Avfallsdunkar på offentlege område

  • Offentlege dunkar: De skal ikkje kasta avfall frå arrangementet i dei vanlege avfallsdunkane på offentlege område.

Verksemda for veg og park har ansvar for dei offentlege avfallsspannene i kommunen. Dei vurderar om det er behov for hyppigar tømming i periodar med høg aktivitet og mykje besøkjande.

Slik meldar du frå og bestiller

Det er viktig at du meldar inn behovet ditt i god tid på førehand. Då sikrar vi at renovasjonstenesta har nok behaldarar og mannskap tilgjengeleg i perioden.

Du kan senda bestilling eller spørsmål direkte til renovasjonstenesta på e-post.