Forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg – med kommentarar

7 Krav til anlegg og dokumentasjon av reinsegrad

§ 7. Krav til anlegg og dokumentasjon av reinsegrad

Kvart anlegg blir godkjent individuelt i samband med handsaming av utsleppssøknad.

Alle reinseanlegg skal ha dokumentasjon på at det er nytta anerkjend dimensjonering og utforming. For dei anleggstypane der VA-miljøblad / Vatnstandar er tilgjengeleg, skal reinseanlegget prosjekterast og byggast etter siste versjon av desse.

Ved søknad om utsleppsløyve skal det leggjast fram dokumentasjon på prosjektering, teikningar og beskriving som følgjer med utsleppsøknaden jf. § 12-4 i forurensningsforskriften.

Dersom gjeldande kriterium for dimensjonering må fråvikast, kan utsleppssøknaden avvisast. Alternativt kan det bli gjeve mellombels utsleppsløyve på særskilde vilkår. Avløpsanlegget blir gjeve status som forsøksanlegg, og prøvetakast kvart år minimum 2 gongar årleg over ein femårsperiode. Det må då inngåast eiga avtale mellom leverandør og anleggseigar.

Slamavskiljarar skal ha dokumentasjon på at anlegget tilfredsstiller NS-EN 12566-1. For utsleppsleidning frå slamavskiljar til sjø skal det gjevast dokumentasjon på prosjektering, teikningar og beskriving av kor djupt utsleppet skal førast under lågaste vasstand. Utsleppsleidningar skal ha vektbelastning for å sikra leidningen sin stabilitet i forhold til oppdrift, bølger, erosjon og strøm.

Anlegg som krev tøming med tankbil, skal plasserast med ein maksimal avstand til køyrbar veg på 80 m. Maksimal løftehøgde mellom veg og botn av tank skal vere 8 m. Anlegg skal plasserast slik at dei kan tømmast med tankbil heile året.

Lokk i tilknyting til avløpsanlegg skal væra låsbare eller tunge lokk i betong eller støypejern som er synlege i terrenget.

Minireinseanlegg skal ha dokumentasjon på at anlegget tilfredsstiller NS-EN 12566-3.

For reinseanlegg som baserast på infiltrasjon i stadeigne lausmasser (infiltrasjonsanlegg), skal det utførast grunnundersøkingar for å dokumentere følgjande tilhøve:

  • Infiltrasjonskapasitet
  • Hydraulisk kapasitet
  • Lausmassane sine eigneskapar som reinsemedium
  • Risiko for ureining av lokale drikkevasskjelder
  • Avstand til drikkevasskjelder, overflatevatn, leidningstrasèar og grunnvatn/fjell/tette lag.

Dokumentasjon av infiltrasjonsanlegg skal lagast av nøytral sakkunnig med hydrogeologisk/jordfaglig kompetanse. Med nøytral fagkyndig meinast ein person eller firma som kan vise til relevant utdanning, anerkjende kurs og praksis for å kunne dimensjonere og utforme slike anlegg.

Det er ikkje tillat å lede overskot av væske frå toalett eller kjeldeseparert urin til gråvassreinseløysingar.

Tett tank for oppsamling av svartvatn kan tillatast i spesielle tilfelle, men då berre i kombinasjon med godkjent løysing for reinsing for gråvatn. Tett tank tillates ikkje for oppsamling av både gråvatn og svartvatn. Tett tank for oppsamling av svartvatn og gråvatn kan unntaksvis tillatast som mellombels løysing til dømes for anleggsbrakker og liknande mellombelse einingar.

Tett tank skal ha dokumentasjon på at den tilfredsstiller NS 1545.

Følgjande vilkår må oppfyllast for bruk av tett tank:

  • Det skal nyttast lågtspylande toalett som bruker maksimalt 2 liter ved halv spyling og 4 liter ved full spyling, pr. nedspyling, eller vakuumtoalett
  • Tanken sitt volum skal vera minimum 6 m³, det kan tillatast mindre tank ved bruk av vakumtoalett.
  • Tanken skal dimensjonerast i samsvar med tal sengeplassar/tal personar knytt til anlegget og bruk av anlegget.
  • Tanken skal ha alarm som varslar høgt nivå i god tid før tanken er full.
  • Tanken skal monterast i samsvar med leverandøren sin installasjonsveiledning.
  • Tanken skal ha tvungen årleg tøming i samsvar med kommunal slamtømeordning.

Kommentar til § 7

VA/Miljøblad/Vannstandard vil som hovudregel verte sett på som anerkjend dimensjonering og utforming. Det er i nær framtid planlagt at nemninga VA/miljøblad skal utgå til fordel for Vatnstandar, difor er denne nemninga tatt med.

VA/Miljøblad vert gjeve ut av NKF og NORVAR for fleire av dei vanlegaste anleggstypane.

Aktuelle VA/Miljøblad:

  • Nr. 48 Slamavskiljar.
  • Nr. 49 Våtmarksfilter.
  • Nr. 52 Minireinseanlegg.
  • Nr. 59 Lukka infiltrasjonsanlegg.
  • Nr. 60 Biologiske filter for gråvatn.

For grunnundersøking vert Norsk Vann rapport 178/2010 Grunnundersøkingar for infiltrasjon – mindre avløpsanlegg tilrådd. Rapporten gjev svært nyttig informasjon.

Det blir ikkje gjeve løyve til å nytte kjemikaliar som kan vere skadelege for miljøet/vasslevande organismar. Dersom det ikkje kan dokumenterast at risikoen for dette er neglisjerbar, må ein velje alternative etterpoleringsløysingar.

Kommunen vil vere restriktiv ved søknadar om nye, ukjende reinseløysingar. Ved vurdering
av slike vil det leggjast vekt på dokumentasjon som syner at reinseløysinga vil klare krava i
denne føresegna. Jamleg vert nye anleggstypar introduserte på marknaden, der det ikkje eksisterer erfaringsgrunnlag som syner anlegget sin funksjon og yteevne over tid. For slike anlegg kan det vere nødvendig med meir oppfølging enn for kjende avløpsløysingar.

Infiltrasjonsanlegg kan lagast til der grunnundersøkingar syner at lausmassar på staden har tilstrekkeleg kapasitet til å kunne handsame og transportere avløpsvatn. Metoden forutset ein viss avstand frå avløpsanlegget og til grunnvatn, bekk og drikkevasskjelde. Naturlege infiltrasjonsanlegg skal ha dokumentasjon på at det er nytta anerkjend dimensjonering og utforming.

Plassering av slamavskiljarar og tette tankar: Avstand til køyrbar veg og lyftehøgd vert basert på erfaringstal som er innhenta frå fleire slamtømefirma.

Tett tank vil normalt berre vera aktuelt for hytter og mellombelse anleggsbrakker der kople på til kommunalt avløpsnett eller andre avløpsløysingar ikkje er mogeleg. Dersom tett tank i heilt spesielle tilfelle blir godkjent som ei permanent løysing, skal denne berre nyttast for svartvatn. Løysinga skal brukast saman med godkjend løysing for reinsing for gråvatn. Kommunen kan vurdera å tillata tett tank der det på fagleg grunnlag er dokumentert at det ikkje finst andre forsvarlege løysingar. Krava til utredning er større der kvartærgeologisk kart indikerer at lausmassane kan ha grunnlag for infiltrasjon.

Gjeldande rettleiing spriker mykje i mengde svartvatn pr. døgn pr. person, frå 30 til 75 liter ved bruk av vanleg toalett. Den lågaste vassmengda 30 liter, svarer til 10-15 toalettbesøk med lågtspylande toalett. 30 liter er ein stor mengde ved bruk av lågtspylande toalett, det vert difor ved søknad, bedd om at søkjar dimensjonerer ut frå faktisk bruk og størrelse på eininga.