Forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg – med kommentarar

10 Særskilde utsleppsreglar for fritidsbustader

§ 10. Særskilde utsleppsreglar for fritidsbustader

Minireinseanlegg for ein enkelt fritidsbustad, og med utslepp til innland/ferskvassresipientar tillatast ikkje.

Der fleire fritidsbustader lokalisert i same område ynskjer innlagt vatn, vert det anbefalt at desse går saman og greier ut moglegheita for ei felles avløpsløysing. For grupper av fritidsbustader (minimum 4-5 einingar) vil kommunen kunna godkjenna alternative løysingar for reining for svartvatn (f.eks minireinseanlegg) dersom det kan dokumenterast at forholda ligger til rette for det.

Kommentar til § 10

Ved samanslåing av kommunane vart første utgåve (gjeldande frå første 22.06.2011) av lokal forskrift for Odda kommune brukt som grunnlag. Denne forskrifta sette krav om kjeldeseparering og forbydde utslepp av svartvann frå hytter. Bakgrunnen for dette var at Odda kommune hadde gjennomført spørjeundersøkingar blant hytteeigarane på dei større hyttefelta (Reinsnos, Løyning og Korlevoll), som bekrefta at svært mange av hytteeigarane i kommunen hadde vassforsyning frå overflatevatn (bekkar, mindre vatn, oppkome). Kommunen ønska å sikra hyttene si vassforsyning ved å forby utslepp av svartvatn. Ved bruk av kjeldeseparerande avløpsløysingar gjorde man eit overordna tiltak for å redusera fare for lokal forureining og eventuelle forureiningskonfliktar mellom utslepp av avløpsvatn og brukarinteresser i hytteområder.

Med samanslåing av fleire kommunar med større variasjon i grunnforhold og lokalisering av fritidsbebyggelse, kan det vanskeleg forsvarast å ha ei så streng bestemmelse. Frå og med 2022 ønsker kommunen å leggja til rette for at løysingar knytt til avløp for fritidsbebyggelse i større grad skal kunna tilpassast lokale forhold. Det vert derfor opna opp for utslepp av alt avløpsvatn og lokale løsingar knytt til avløp for dette.

Minireinseanlegg for ein/enkelt fritidsbustad, og med utslepp til innland/ferskvannsresipientar tillatast ikkje. Der fleire fritidsbustader lokalisert i samme område ønskjer innlagt vatn, vert det anbefalt at desse går saman og greier ut moglegheita for ei felles avløpsløysing. For grupper av fritidsbustadar (minimum 4-5 einingar) vil kommunen kunna godkjenna alternative løysingar for reining for svartvatn (f.eks. minirenseanlegg) dersom det kan dokumenterast at forholda ligger til rette for det.