Forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg – med kommentarar

4 Krav til avløpsnett

§ 4. Krav til avløpsnett

Avløpsnettet skal dimensjonerast, byggjast, drivast og vedlikehaldast med utgangspunkt i den best tilgjengelege teknologien og fagkunnskapen, særleg med omsyn til:

  1. Avløpsvatnet si mengd og eigenskapar.
  2. Førebygging av lekkasjar.
  3. Avgrensing av forureiningar til resipienten som følgje av overløp.

Kommentar til § 4

Hovudmålet er å sikre at avløpsnettet er funksjonelt til ei kvar tid, slik at avløpsnettet ikkje årsaker forureining.