14 Tilsyn og kontroll
§ 14. Tilsyn og kontroll
Kommunen er forureiningsmyndigheit og fører tilsyn med at bestemmingane og vedtak som er gjort i medhald av forurensningsforskriften kapittel 12 vert følgde. Forureiningsmyndigheita har rett til, og pliktar, å utføre tilsyn med avløpsanlegga. Kommunen sin kostnad for dette arbeidet vert dekt inn gjennom eit årleg tilsyns-/kontrollgebyr.
Alle reinseanlegg, bortsett frå anlegg med berre slamavskiljing som hovudreinsing og infiltrasjonsanlegg, skal ha godt tilrettelagd mogelegheit for prøvetaking på utløp. Det skal kunne analyserast på parameter det er stilt krav til i utsleppsløyve. Kommunen kan etter ei tid med drift, eller ved mistanke om forureining, be anleggseigar sende inn analysar som syner effekten av anlegget.
Alle prøvar skal analyserast av laboratorium som er akkreditert for dei aktuelle analysane. Analysemetodar som er nemnde i forurensningsforskriften kapittel 11, vedlegg 2, skal nyttast. Prøvetaking, oppbevaring og konservering av avløpsprøvar skal takast i samsvar med SFT sin rettleiar TA-514 ”Rettleiing for prøvetaking ved avløpsanlegg”.
Kommunen har sanksjonsmoglegheit dersom anlegget si yting ikkje er tilfredsstillande, samt om service- og vedlikehald er mangelfull, jf. forurensningsloven.
Kommentar til § 14
Det skal etablerast ein prøvetakingsstad der prøvar kan takast ut. Prøvane skal kunne takast av reinsa avløpsvatn før eventuell innblanding av drensvatn og tilsvarande. Prøvetakingsstaden skal vere enkelt tilgjengeleg for prøvetaking slik at ein kan ta ut prøvar utan å komme borti røyr/kumveggar.
Prøvetakinga skal vere representativ, dvs. i enkelte anlegg kan ein få representative prøvar med stikkprøvar, medan ved andre anleggstypar må det døgnblandprøvar til. Dette vert avgjort i kvart enkelt tilfelle.