3 Definisjonar
§ 3. Definisjonar
Definisjonane i forureiningsforskrifta §11-3 gjeld for denne forskrifta. I tillegg gjeld følgjande:
Avløpsanlegg: Anlegg for mottak av avløpsvatn fra bustad-, fritids- og annan busetnad med innlagt vatn.
Innlagt vatn: Vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som gjennom røyr eller leidningar er ført innandørs.
Sanitært avløpsvatn: Avløpsvatn som i hovudsak skriv seg frå menneska sitt stoffskifte og hushaldningsaktivitetar, medrekna avløpsvatn frå vassklosett, kjøken, bad, vaskerom eller liknande.
Svartvatn: Avløpsvatn frå vassklosett, eller andre kjelder der urin og/eller fekalier normalt sett vert transportert med vatn.
Gråvatn: Avløpsvatn frå vask, dusj, badekar m.m.
Kjeldeseparering: Gråvatn og svartvatn skal førast til separate reinseanlegg eller tank.
Rammeplan: Ein plan som avklarar brukarinteresser, drikkevassforsyningar og forureiningssituasjonen i resipientane eller delområder. Rammeplanen skal vere utarbeidd/vurdert av firma med hydrogeologisk kompetanse. Rammeplanen skal gje retningslinjer for avløpsløysningar, utsleppsverdiar og utsleppspunkt.
Hydraulisk kapasitet: Mengde vatn som kan strøyme gjennom jord per arealeining.
Infiltrasjonskapasitet: Mengde avløpsvatn som kan infiltrerast per arealeining.
Køyrbar veg: Gjennomgåande veg eller blindveg som har snuplass og dessutan kurvatur, stigningstilhøve, breidd og styrke til å tola ein tankbil for septiktømming. Om vinteren må vegen og eventuell snuplass vere brøyta, og om naudsynt, strødd. Ved tvist om kor vidt ein veg er køyrbar etter ovanståande, er kommunen sitt syn avgjerande.
Resipient: Vassførekomst som tek imot forureiningar frå avløpsvatn. Resipient for infiltrasjonsanlegg er grunnvatn. Resipient for andre typar anlegg er overflatevatn (bekk, elv, innsjø, tjern, våtmark).
ADK-1 kurs: Kurs i praktisk utføring av leidningsanlegg for vatn og avløp i samsvar med NORVAR rapport nr. 124-2002.
Etterpolering: Med etterpolering meiner ein ekstra reinsing etter hovudreinsetrinn (som minireinseanlegg eller gråvassreinseanlegg) for å få stabilisert utsleppskvaliteten og få redusert mengda med smittestoff i utsleppsvatnet.
Minireinseanlegg: Med minireinseanlegg meiner ein prefabrikkerte avløpsanlegg bygd for å reinse sanitært eller kommunalt avløpsvatn med dokumentert reinsegrad. Anlegga blir montert på fabrikk før levering. Reinseanlegg for gråvatn vert ikkje rekna som minireinseanlegg.
Kommentar til § 3
Utrekning av pe skal følgje NS 9426 Bestemmelse av personekvivalenter (pe) i forbindelse med utslepp av avløpsvann.