Influensavaksine

Her finn du informasjon om korleis du kan vaksinere deg mot sesonginfluensa, og korleis du kan førebyggje smitte. 

Kvar kan du vaksinere deg? 

Det vert arrangert vaksinedagar i kommunen som tidlegare år. Du kan møte på den vaksinedagen som passar best for deg. 

Jondal, Vikevollen:
Tysdag 28.oktober kl  9-12 og 13-14.30

Utne, Utneheimen kjellar: 
Onsdag 29.oktober kl 9 - 12 og 13 - 14.30

Røldal, Gamle Sjukeheimen:
Torsdag 30.oktober kl 10 - 14

Kinsarvik, Fjordahallen:
Tysdag 4. november kl 9-12 og 13-14.30, 
Etternamn A - L kl 9 - 12 og M - Å 13 - 14.30

Odda, Bokkotunet kjellar: 
Onsdag 5. november, I hovudsak etternamn A - L, kl 9-12 og 13 - 14.30
Torsdag 6. november, I hovudsak etternamn M - Å kl 9-12 og 13 - 14.30

Odda, Bokkotunet kjellar:
Oppsamlingsdagar for heile kommunen: 
Onsdag 19. november, kl 9-12 og 13-14.30
Onsdag 26. november, kl 9-12 og 13-14.30

Apotek og andre private aktørar har også tilbod om influensavaksine for alle som ynskjer.  

Spesielle grupper: 

  • Barn og unge i risikogruppene kan få vaksine på helsestasjonen. Ta kontakt med Helsestasjonen for å avtale tidspunkt. 
  • Bebuarar på sjukeheim får tilbod om vaksine der dei bur. 
  • Personar som mottek tenester frå heimebasert omsorg kan, etter individuell vurdering, få tilbod om vaksinering i heimen.  Dette gjeld kun dei som grunna nedsett funksjonsnivå ikkje kan ta seg ut av heimen for å få vaksinen hos fastlege, på kommunale vaksinedagar eller på apotek. 
  • Helsepersonell får tilbod om vaksine frå arbeidsgjevar. 

Kva vaksinar kan du ta samtidig? 

På dei kommunale vaksinedagane kan du få influensavaksine og koronavaksine samtidig.  

Personar født i 1960 får tilbod om å ta pneumokokkvaksine på dei kommunale vaksinedagane. Andre personar i risikogruppene som ynskjer å ta pneumokokkvaksine må ta kontakt med fastlegen sin. 

Kva kostar det å vaksinere seg? 

Du betalar ein eigendel når du tar vaksine. På vaksinedagane kan du betale med kort eller vipps. 

Prisane nedanfor gjeld for personar i risikogruppa. Om du vel å ta fleire vaksinar samstundes, vert eigendel lågare (sjå tabell).

Vaksinar som du får tilbod om

Eigendel dersom alle vaksinar blir sette samstundes

Eigendel dersom vaksinar blir sette på ulike tidspunkt

Sesonginfluensa + pneumokokk

301 kr (influensa)

+ 85 kr (pneumokokk)

= 386 kr

301 kr

+110 kr

= 411 kr

Covid-19 + pneumokokk

85 kr (covid)

+ 85 kr (pneumokokk)

= 170 kr

110 kr

+ 110 kr

= 220 kr

Sesonginfluensa + covid- 19 + pneumokokk

301 kr

+ 85 kr

+ 85 kr

= 471kr

301 kr

+110 kr

+ 110 kr

= 521 kr

Merk at personar som er fødde før 1960 må betale full pris for pneumokkvaksine (kr 900), sidan dei ikkje er omfatta av finansieringsordninga i vaksinasjonsprogrammet for vaksne.

Kven bør ta influensavaksine?

Influensavaksinen blir anbefalt kvart år til dei som har størst risiko for å bli alvorleg sjuke dersom dei får influensa. Dette gjeld særleg:

  • Bebuarar på sjukeheim
  • Eldre frå 65 år og oppover
  • Gravide i 2. og 3. trimester
  • Prematurt fødde barn, særleg dei som er fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med kroniske sjukdomar, som til dømes:
    • hjarte- og lungesjukdom
    • diabetes
    • nedsett immunforsvar
    • alvorleg nevrologisk sjukdom eller skade
    • kronisk nyresjukdom eller leversjukdom
    • fedme (BMI over 40)

I tillegg blir vaksinen anbefalt til:

  • Helsepersonell med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med, eller har nær kontakt med, personar i risikogruppene 

Les meir om anbefalingar på Folkehelseinstituttets nettsider

Kvifor vaksinere seg?

  • Vaksinen reduserer risikoen for alvorleg sjukdom og komplikasjonar.
  • Du bidreg til å beskytte familie, vener og pasientar som kan vere ekstra utsette.
  • Vaksinen er trygg og enkel. Dei fleste får berre lette, forbigåande biverknadar. 

Gode råd mot influensasmitte

FHI råder oss til å skjerpe hygienerutinane om vinteren for å unngå smitte av sesonginfluensa.

Slik vernar du deg mot smitte:

  • Vaksiner deg dersom du er i ei risikogruppe.
  • Hald avstand frå folk som er sjuke.
  • Vask hendene grundig og ofte, særleg etter å ha vore på stadar med mange folk og før du et. Såpe og vatn er førstevalet, men alkoholdesinfeksjon er eit godt alternativ når hendene er tørre og ikkje synleg skitne
  • Unngå å røre ved ansiktet med uvaska hender.
  • Ved direkte kontakt med sjuke kan bruk av munnbind vurderast.

Slik tek du omsyn dersom du er sjuk:

  • Host eller nys i eit papirlommetørkle som du kastar etter bruk, og vask hendene etterpå. Dersom du ikkje har lommetørkle, host i albogen.
  • Ved nyoppståtte luftvegssymptom med feber og redusert allmenntilstand bør du hald deg heime. Barn bør også vere heime frå barnehage eller skule.
  • Unngå kontakt med personar som er ekstra utsette.
  • Risikogrupper kan bruke munnbind innandørs ved høg smitte.