Søkja om sjukeheimsplass

Sjukeheimsplass er eit tilbod til deg som har eit stort behov for pleie og helsehjelp heile døgnet i ein avgrensa eller lengre periode. Kommunen har fem sjukeheimar med korttids-, rehabiliterings-, langtids- og avlastingsplassar, samt dag- eller nattopphald.

Kva for tenester kan du få?

På sjukeheimen jobbar sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, assistentar og sjukeheimslege i lag med ergoterapeutar og fysioterapeutar. Dei gjev deg trygg og heilskapleg hjelp ut frå kva du treng.

Ulike typar opphald ved sjukeheimane:   

  • Korttidsopphald eit tilbod for personar som i ein tidsavgrensa periode har behov for døgnkontinuerleg opphald for observasjon, vurdering, behandling eller omsorg. 
  • Rehabiliteringsopphald eit tilbod til deg som har eit tidsavgrensa behov for tverrfagleg rehabilitering med heildøgnsopphald. Målet er å hjelpa deg med å styrkja funksjonsevna di, slik at du kan meistra kvardagen betre.
  • Langtidsplass er eit tilbod for deg som har eit varig behov for pleie og tilsyn heile døgnet.   
  • Dag- eller nattopphald er eit tilbod nokre timar i døgnet for å gje aktivitet eller avlasting.   
  • Avlasting er eit tilbod til deg som pårørande med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Slik søkjer du

Du sender éin samla søknad der du skildrar kva du treng hjelp til, så hjelper vi deg med å finna rett teneste.

Kommunen ser helst at du søkjer digitalt. Då kjem søknaden din direkte inn i journalsystemet vårt, og vi kan starta saksbehandlinga med det same.

Ved digital søknad må du eller vergen din identifisera seg med ID-porten (BankID).

Søk om helse- og omsorgstenester digitalt

Søkja på papir?

Dersom du heller vil søkja på papir, kan du lasta ned og skriva ut papirskjemaet:

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Send papirskjema til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda