Kunngjering av vedtak i detaljreguleringsplan for settefiskanlegg i Herand

Kunngjering av vedtak - Detaljreguleringsplan for settefiskanlegg i Herand - del av gnr. 310, bnr. 1 og 85 i Ullensvang kommune - PlanID 12272017001

Kommunestyret har i møte 11.02.2026 fatta følgjande vedtak i sak 008/26:

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-12 vedtek kommunestyret detaljreguleringsplan for settefiskanlegg Herand - del av gnr. 310, bnr. 1 og 85 m. fl., plan-ID 12272017001, med naudsynte oppdateringar av plandokument. 

Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket. Klagefristen er 3 veker rekna frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagd innan fristen på 3 veker.

Klagen skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom fram.

Vedlegg til sak

Planomtale datert 16.05.2025 (PDF, 3 MB)

Plankart (PDF, 608 kB)

Føresegner (PDF, 180 kB)

Resten av vedlegga finn du her i saka til Kommunestyret