Næringsrenovasjon

Alle verksemder som produserer avfall må ha ei godkjent avfallsløysing. Ein kan velje kva for leverandør ein ynskjer å nytte. 

Slik søkjer du om næringsavtale

Ved oppretting eller endring av næringsavtale
Ta kontakt med oss.

Fellesløysing for næring
Dersom fleire bedrifter (t.d. i eit kjøpesenter eller kontorfellesskap) ønskjer å gå saman om felles avfallsløysingar, må det sendast ein samla søknad der éi verksemd står som hovudansvarleg for faktura og avtale.

Ekstra behov
Ved behov for ekstra kapasitet i periodar, som til dømes for campingplassar om sommaren, kan dette bestillast og vert då etterfakturert

Våre tenester, ditt ansvar og avvik

Viktig å tenke på når du skal gjera avtale

Direkte levering på miljøstasjonane

Vi legg til rette for levering av grovavfall, farleg avfall og elektrisk avfall til eigne prisar for næringskundar. De må oppgi at avfallet kjem frå verksemda. 

Kundar som skal levera større mengder avfall (6 m³ og over) vert bedne om å kontakta oss i forkant.

All levering av avfall skal skje innanfor miljøstasjonane sine opningstider. 

Vi forpliktar oss til å halde miljøstasjonane ryddige og ha tydeleg skilting for enkel sortering.