Kommunestyret blir valt for fire år om gongen, etter dei reglar som følgjer av vallova og kommunelova. Ullensvang kommune har 33 representantar i kommunestyret.
Kommunestyret i Ullensvang kommune er oppretta med heimel i kommunelova § 5-1.
Representantane i kommunestyret blir valde for 4 år om gongen av dei røysteføre innbyggjarane i kommunen (manntalet), etter reglar fastsett i vallova.
Kommunestyret har 33 representantar med vararepresentantar. Talet på vararepresentantar for kvart parti/gruppe er tre fleire enn dei faste medlemmene frå kvart parti/gruppe, jf. vallova § 11-12.
Ordføraren leier møta i kommunestyret.
Følgjande parti er representerte i kommunestyret:
Kommunestyret er det øvste organet i kommunen. Kommunestyret fattar vedtak på vegne av kommunen, om ikkje anna følgjer av lov eller delegering.
Kommunestyret har det øvste tilsynet med den kommunale forvaltninga, og kan forlanga ei kvar sak lagt fram for seg til orientering eller avgjerd.
Kommunestyret har rett til innsyn i alle kommunale saksdokument, med dei avgrensingane som følgjer av kommunelova § 11-13.
Kommunestyret kan gjera om vedtak som er fatta av andre folkevalde organ, rådmann eller andre med delegert vedtaksmynde, på same måte som desse sjølv kunne ha omgjort vedtaket.
Denne retten er ma. avgrensa av reglane i forvaltningslova §35.
Kommunelova kapittel 11, og reglement for sakshandsaming i folkevalde organ, vedteke av kommunestyret, gjeld for kommunestyreverksemda.
Rådmannen sørger for sekretariatsbistand til kommunestyret.
Kontakt oss
Ullensvang kommune
Ordførar
Varaordførar
KommuneTV
Sjå politiske møter direkte eller på opptak.
Følg med på KommuneTV
Sjå alle politiske møte