Formannskapet

Formannskapet vert ofte sett på som kommunen sitt nest høgaste organ etter kommunestyret og fungerer på mange måtar som kommunestyret sitt arbeidsutval. Ordføraren er leiar av formannskapet.

Formannskapet fattar vedtak på vegne av kommunen i dei tilfelle der myndet er delegert frå kommunestyret. Formannskapet  er kommunen sitt utval med ansvar for kommuneøkonomien.

Ansvar og mynde

Organet har vedtaksmynde innan sine ansvarsområde, og det som elles følgjer av kommunen sitt delegeringsreglement.

Formannskapet kan uttala seg og fatte vedtak  i alle saker innan sitt ansvarsområde.

Formannskapet kan fatte vedtak i samsvar med reglane i økonomireglementet til Ullensvang kommune, vedteke av kommunestyret.

I saker formannskapet sjølv ikkje kan fatte vedtak, innstiller formannskapet til kommunestyret.

I saker der formannskapet har vedtaksmynde, har det instruksjonsmynde overfor rådmann. Dette mynde blir utøvd i form av vedtak i formannskapet.

Sakshandsaming

Kommunelova sitt kapittel 11, og reglement for sakshandsaming i folkevalde organ, vedteke av kommunestyret, gjeld for formannskapet sitt virke.

Formannskapet har rett til innsyn i alle kommunale saksdokument innanfor sitt ansvarsområde, med dei avgrensingane som følgjer av kommunelova § 11-13.

Kontakt oss

Ullensvang kommune

Ordførar

Varaordførar

Sikk sakk element i raud farge - morell. Illustrasjon.

KommuneTV

Sjå politiske møter direkte eller på opptak.

Følg med på KommuneTV

Neste møte

Sjå alle politiske møte

Medlemar