Ferie- og fridagar

Her finn du oversikt over ferie- og fridagar for barnehagene i kommunen.  

Ferieavvikling

Barnet  må ta ut minst fem veker ferie i løpet av kalenderåret, jf. vedtektene.

  • Tre veker må vera samanhengande ferie om sommeren. Planleggingsdagene i august skal ikkje reknast inn i desse vekene. Føresette må gje melding til barnehagen innan 01. april om når desse tre vekene vert tekne. 
  • Den fjerde ferieveka må vera samanhengande og kan innehalda raude dagar, til dømes 1. og 2. juledag/påskedag.
  • Den femte ferieveka skal brukast på dei fem planleggingsdagane barnehagane har gjennom eit barnehageår. Sjå barnehageruta.   
  • Barnehagebarn (6 åringar) som startar på skulen om hausten, må ta ut fire veker ferie før planleggingsdagane i august.

Stengde dagar

Barnehagane er stengd laurdag, søndag, heilagdagar, offentlege fridagar, to veker i sommarferien (veke 29 og 30), julaftan og nyttårsaftan. Onsdag i påskeveka stengjer barnehagane kl. 12:00.

Barnehageruta 2026/2027

Barnehageruta 2026/2027
MånadDato/vekeMerknad
August18., 19., 20. og 21. augustBarnehagen er stengt
August24. augustBarnehagestart
Desember24. desemberBarnehagen er stengt
Desember31. desember Barnehagen er stengt
Januar04. januarBarnehagen er stengt
Januar05. januar Barnehagestart
Mars24. mars Barnehagen stenger kl 12:00
Juni Ferie avvikling starter

For meir informasjon

Spørsmål?

Ta kontakt med styrar i din barnehage