Endra som følgje av politisk vedtak i kommunestyret 17.12.2025
§ 1. Formål
Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver og andre tilhøyrande forskrifter og retningsliner, kommunale vedtak og godkjent årsplan for barnehagen.
§ 2. Eigartilhøve
Barnehagane vert drivne av Ullensvang kommune.
§ 3. Forvaltning
Kommunen v/Rådmannen er lokal barnehagemynde og har ansvar for tilsyn og forvalting av barnehagane etter Lov om barnehage §§ 8, 10 og 16. Kommunestyret v/kommuneoverlege er tillagt godkjenningsmynde etter forskrift om miljøretta helsevern for barnehagar og skular.
§ 4. Foreldreråd
Barnehagen skal ha eit foreldreråd. Foreldrerådet er alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen. Foreldrerådet sine oppgåver går fram av barnehagelova.
§ 5. Samarbeidsutval
Kvar einskild barnehage skal ha eit samarbeidsutval på fem medlemer m/varamedlem, valde slik:
- To representantar for foreldre og to varamedlem, valde av foreldrerådet.
- Ein representant for eigar og ein varamedlem, valde av kommunestyret.
- To representantar for tilsette og to varamedlem, valde av personalet i barnehagen.
Foreldra og dei tilsette sine representantar vert valde for barnehageåret. Kommunen sin representant vert vald for den kommunale valbolken. Barnehagestyrar er sekretær for samarbeidsutvalet med møte-, tale- og framleggsrett, men har ikkje stemmerett med mindre styraren er vald som styremedlem.
Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ og har rett til å uttala seg om saker som er viktige for innhaldet i barnehagen, verksemda og tilhøve til foreldre/føresette. Samarbeidsutvalet skal i samarbeid med styraren sjå til at barnehagen vert driven i samsvar med lover, føresegner, vedtekter og budsjett. (Barnehagelova §4)
Ullensvang kommune er eitt – 1 – opptaksområde. Ullensvang kommune har to opptak og suplerande opptak mellom desse.
Opptaka har søknadsfrist 1. mars og 1. september.
Søknad om ny plass, overføring til annan barnehage vert lyst i lokalavisa og på kommunen si nettside. Søknad vert levert elektronisk. Orientering om korleis dei søkjer finn dei på nettsida til kommunen.
§ 7. Opptakskriterium
Ullensvang kommune følger Lov om barnehage § 16 Rett til plass i barnehage og § 18 Prioritet ved opptak.
Kriterier for prioritert opptak:
- Barn med nedsett funksjonsevne knytt til barnehageloven § 18, og barn som
omfattes av barnevernsloven § 5-1 første ledd bokstav a til d, § 3-1 og § 3-4 første ledd bokstav b. - Kommunale kriterier for prioritet i tillegg til de lovpålagte:
- Søsken av barn som allerede har plass i den barnehagen det søkes til.
Søskenprioritet gjelder ikke når søsken begynner på skolen frå august. - Overføring av barnehageplass i Ullensvang kommune, til annen barnehage i Ullensvang kommune.
I opptak 1. mars får barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass tilbod om plass i august. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, får tilbod om plass innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år.
I opptak 1. september får barn som fyller eitt år i desember, januar, februar, mars, april og mai tilbod om plass innan den månaden dei fyller eitt år.
Ved supplerande opptak mellom hovudopptaka får barn som flyttar til kommunen plass innan 3 månader.
Det blir som hovudregel ikkje teke inn nye barn i barnehagane i månadene juni og juli.
Barnet må væra 10 månader ved oppstart i barnehagen og busett i kommunen.
Ullensvang kommune kan inngå avtale med andre kommunar om salg/kjøp av barnehageplassar.
§ 8. Opptaksperiode
Barnehageåret starter/slutter medio august.
Eit barn har fast plass i barnehagen til barnet byrjar på skulen.
§ 9. Klage på opptak
Foreldre/føresette har klagerett etter § 6 i forskrift om sakshandsamingsreglar ved opptak i barnehage. Klage på vedtaket må vera levert til kommunen seinast 3 veker etter at melding om vedtak er mottatt (Jf. Forvaltningslova §29).
§ 10. Oppseiing
Oppseiingstida er 1 månad.
Unntak:
- Sjukdom/skade, flytting eller andre tungtvegande årsaker som gjer at barnet må slutta i barnehagen.
- Barn som skal byrja på skulen og ikkje skal nytta plassen fram til skulestart må seia opp plassen innan 25. april, og gje melding om dato for når barnet sluttar i barnehagen.
Barnet må ta ut minimum fem veker ferie i løpet av kalenderåret. Dei fem planleggingsdagane inngår i den femte ferieuka. Tre veker skal vera samanhengande ferie før planleggingsdagane. Føresette skal gje melding til barnehagen innan 01. april om kva tid desse tre vekene vert tekne.
Den fjerde ferieveka skal takast ut samanhengande, og registrerast i foreldreappen seinast to veker før. Veka kan gå over raude dagar.
6-åringane som begynner på skulen må ta ut fire veker ferie før planleggingsdagane i august.
Barnehagane er stengde fem avtalefesta planleggingsdagar, jule- og nyttårsafta, og to veker kvar sommar. Onsdag før påske stenger barnehagane kl. 12:00. Dagane vert datofesta i barnehageruta og dei vil vera lik datoane i skuleruta.
Om sommaren kan barnehagetilbodet verta avvikla i eit samarbeid mellom barnehagar og/eller SFO.
§ 12. Planlegging
Barnehagane gjennomfører avtalefesta 37,5 timar ( 5 dagar ) planlegging i året. Desse dagane er barnehagane stengde. Planleggingsdagane vert vedteke i barnehage- og skuleruta året før.
§ 13. Opningstid
Opphaldstid i barnehagen vert fastsett av rådmannen. Opningstida i barnehagane varierer, men alle barnehagane har opningstid på 9 timar, sjå orientering på ullensvang.kommune.no for opningstida i dei ulike barnehagane.
§ 14. Areal
Netto leike- og opphaldsareal er fastsatt av Ullensvang kommune jamfør
Departementets rettleiande norm:
- Leike- og opphaldsareal inne: for barn over 3 år er denne 4 m², og for barn under 3 år er den 5,33 m².
- Utearealet i barnehagen bør vera omlag seks gongar så stort som leike- og opphaldsarealet inne.
§ 15. Foreldrebetaling
Kommunestyret gjer vedak om betalingssatsar.
Foreldre/føresette betalar for 11 månader. Det er betalingsfritak i juli månad. Betaling for kost kjem i tillegg. Plassen må betalast for frå den datoen ein er tildelt plass.
Det vert gjeve søskenmoderasjon iht forskrift om foreldrebetaling i barnehagar, og Ullensvang kommune følg dei moderasjonsordningane som er fastsett i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.
Det kan søkjast om betalingsfritak i spesielle tilfelle som til dømes ved alvorlig sjukdom. Dette må dokumenterast med legeattest. Det vert ikkje gitt betalingsfritak for ferie som vert tatt ut i løpet av barnehageåret.
Manglande betaling kan føra til oppseiing av barnehageplassen. Jf. til einkvar tid gjeldande innkrevjingsreglement.
§ 16. Internkontroll
Barnehagene i kommunen har internkontrollsystem som sikrar kontinuerlig arbeid med helse, miljø og tryggleik og forskrift om ”Miljøretta helsevern i barnehagar og skular”.
§ 17. Erklæring om barnet si helse
Når eit barn byrjar i barnehagen skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinær undersøking på helsestasjon, kan slik erklæring verta gitt av barnet sine foreldre/føresette. Nødvendige opplysningar skal verta gitt på opplysningsskjema til barnehagen før oppstart.
§ 18. Ansvar
- Alle barna i barnehagen er ulykkesforsikra gjennom kommunen si forsikringsordning.
- Personalet har ansvar for barna i barnehagen si opningstid. Levering og henting er foreldra/føresette sitt ansvar.
- Personalet kan ta med barna i egen bil når det er inngått skriftlig avtale med foreldra. Det må vera godkjent sikkerhetsutstyr i bilen. Personalet må gi skriftleg fråsegn om at bilen som vert nytta er i forskriftsmessig stand.
- Det vert ikkje gitt erstatning ved tap og / eller skade på eigedeler eller klede.
§ 19. Fråvær
Når barn er sjuke eller av andre årsaker er borte frå barnehagen, skal foreldra / føresette gi melding om dette til barnehagen snarast råd.
Barn som på grunn av sjukdom ikkje kan fylgja daglege rutinar i barnehagen, må haldast heime. Kommunen følgjer Folkehelseinstituttet sine tilrådingar.
§ 20. Bemanning i barnehagen
Bemanning i barnehagen må vera i tråd med Lov om barnehage §§ 17, 18, 19, 20 og 23:
Pedagognorm:
- 1 pedagog pr 14 barn over tre år
- 1 pedagog pr 7 barn under tre år
Pedagognorma vert utløyst når tal barn overstig dette. Pedagognormen skal være oppfylt for heile barnehagen sett under eit.
Bemanningsnorm:
- 1 tilsett pr 3 barn under tre år
- 1 tilsett pr 6 barn over tre år
Eigar er ansvarleg for at det er tilstrekkeleg bemanning slik at personalet kan driva ei tilfredstillande pedagogisk verksemd jmf §18 i lov om barnehagar.
§ 21. Endring av vedtektene
Endring av vedtektene skal handsamast av kommunestyret. Framlegg om vedtektsendring skal leggjast fram for foreldreråd og samarbeidsutval i god tid før endeleg vedtak. Endringar som følge av endra lovverk eller politiske vedtak, kan gjerast administrativt med melding til kommunestyret.
§ 22. Teieplikt
Dei tilsette i barnehagane, administrasjonen og medlem i samarbeidsutvala har teieplikt vedkomande alle personopplysingar dei i kraft av stillinga/omboda vert kjende med.