TreningstilbodPasientar som lever med kreft, eller som har hatt kreft tidlegare kan delta i eit tilrettelagt treningstilbod leia av fysioterapeut. Treninga har som mål å styrkje fysisk kapasitet, redusere plager og gje ein trygg og sosial møteplass i kvardagen.Kven kan få tilbodet?Tilbodet er for:Personar som er under kreftbehandlingPersonar som har gjennomført behandlingPersonar som lever med kronisk eller langtkomen kreftBåde kvinner og menn, uavhengig av diagnose og funksjonsnivåDeltakarane må kunne kome seg til og frå treninga på eiga hand, og kunne delta sjølvstendig i enkel stasjonstrening. Kva kan du få hjelp til?Trening for kreftpasientar har godt dokumentert effekt. Forskning viser at fysisk aktivitet kan:redusere biverknader under behandlingmotverke tap av muskelstyrke og kondisjonstyrkje energi, livskvalitet og psykisk helsebidra til raskare tilbakekomst til normal funksjonredusere risiko for livsstilssjukdomar og seineffektar etter behandlingInnhaldet i treningstilbodet:Tilrettelagt treningØkta varer i 60 minutt og inneheld styrketrening, kondisjon, koordinasjon, bevegelegheit og avspenning. Det blir brukt enkelt utstyr som strikk, frie vekter og eigen kroppsvekt. Fysioterapeuten tilpassar øvingar etter behov.Individuell kartlegging før oppstartAlle deltakarar blir kalla inn til ein individuell samtale for å kartleggje helse, funksjon og eventuelle avgrensingar. Sosial møteplassEtter trening er det mogleg å vera med på ei uformell sosial samling for dei som ynskjer det. Mange opplever dette som ein viktig del av tilbodet. (Med atterhald)Tid: Torsdag 13:30 - 14:30Stad: Kjellaren på Bokkotunet i OddaPris: 25 kr per gongDu betaler berre for dei gongene du deltek, og får ein samla faktura ved slutten av semesteret.Slik søkjer duGruppetreninga er eit kontinuerleg tilbod. Ein kan byrja kva tid som helst, så lenge det er plass i gruppa. Du treng ikkje tilvising, men det er viktig at treninga er avklart med fastlegen din først. Ved påmelding vil du få time til ein startsamtale med fysioterapeut.For påmelding eller spørsmål ta kontakt med Ergo- og fysioterapitenestaAndre aktuelle treningstilbodErgo- og fysioterapitenesta har også andre gruppetreningar det er mogeleg å delta på Lågterskel turgruppe som vert gjennomført stort sett på onsdagar. Ta kontakt med kreftkoordinator for nærare info.Individuell oppfølging av fysioterapeut. Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta. Vil du helst trene heime? Aktiv mot kreft har tilbodet Pusterommet LIVE der du kan delta på treningsøkter som kan gjennomførast heime via livestream eller i opptak. Timeplan - Pusterommet LIVE Sist endra 25.11.2025 14:20