Kva kan du få hjelp til?
Målet for tenesta er at du skal kunne vedlikehalde og bruke eigne ressursar så lenge som mogleg, og oppleve meining og meistring. Du skal kunne ha ein aktiv og meiningsfull kvardag i fellesskap med andre, trass i sjukdom eller nedsett funksjonsevne.
- Tenesta blir tildelt éin eller fleire gonger per veke etter ei individuell vurdering av behov.
- Tenesta omfattar måltid og transport.
- Dagsenteret for personar med demenssjukdom ligg på Bokkotunet i Odda. Det er også høve for dagaktivitetstilbod på Utne og i Kinsarvik.
Kriterium/vurderingar
- Vurderinga er basert på ei individuell fagleg vurdering av helse, funksjonsnivå og eigenmeistring.
- Tilbodet tek utgangspunkt i dine ressursar og har fokus på kva som er viktig for deg. Målet er at du skal kunne bu lengst mogleg i eige heim.
- Dersom ein vurderer at tilbodet ikkje er riktig for deg, kan andre tilbod vere aktuelle som t.d. ulike former for avlasting eller ein fritidskontakt.