Avlasting

Pårørande med særs krevjande omsorgoppgåver kan få tilbod om avlasting. 

Kven kan få tilbodet?

Avlasting vert tildelt for å avlaste omsorgspersonen. Tilbodet gjeld for deg dersom: 

  • Omsorgsarbeidet utgjer mange timar kvar månad
  • Omsorgsarbeidet er omfattande og krevjande fysisk og/eller psykisk. 
  • Omsorgsarbeidet krev mykje nattarbeid eller fører til avbroten søvn.
  • Omsorgsarbeidet varer over tid. 
  • Omsorgsarbeidet er ei årsak til sosial isolasjon. 
  • Omsorgsarbeidet er så krevjande at du treng opphald i oppgåvene for å kunne halde fram å yte omsorgsarbeidet. 

Merk:

Avlasting er ein rett for pårørande, ikkje den som har behov for omsorg.

Kva kan du få hjelp til?

Føremålet med tilbodet er å avlaste dykk som er pårørande ved å : 

  • Hindre at du vert overbelasta
  • Gje deg mogelegheit til naudsynt og regelmessig fritid og ferie
  • Bidra til å oppretthalde gode familierelasjonar
  • Bevare sosialt nettverk
  • Gje deg mogelegheit til å delta i vanlege aktivitetar

Avlasting kan bli gitt:

  • På dagtid, kveld, natt eller på timebasis.
  • Avlasting i eigen heim
  • Avlasting i institusjon t.d. dag-/nattopphald, avlastingsopphald, dagaktivitetstilbod. 
  • Avlastingstiltak organisert gjennom fritidsaktivitetar t.d. med ein fritidskontakt
  • Som kommunale tenester som praktisk bistand eller velferdsteknologi (t.d. alarmar for varsling). 

Tilbodet er individuelt tilpassa og vert tildelt etter omsorgsbehovet, kor stor belastningen er, andre tenester og eigne ønske. Behovet for avlasting vert kartlagt og tildelt i dialog med deg som omsorgsperson. 

Slik søkjer du

Du kan søkje om avlasting ved å sende inn søknadsskjema eller ved å kontakte tildelingskontoret.

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)

Papirskjema kan sendast til: 

Ullensvang kommune v/Helse og omsorg
Avdeling for Forvaltning og koordinering 
Opheimsgata 31
5750 Odda

Søknadsfrist

Det er ingen fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.

Pris

Avlasting er kostnadsfritt.

Kva skjer vidare?

Når søknaden er mottatt, vil kommunen vurdere behovet ditt og fatte eit vedtak. Du vil få skriftleg tilbakemelding om vedtaket.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage. Klagen skal sendast til kommunen innan fire veker etter at du har mottatt vedtaket.

Lover og reglar

  • Tilbodet er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 3-6.