Kva kan du klage på?
Du kan klage på einskildvedtak som omfattar:
- Rett til øyeblikkelig helsehjelp frå kommunen
- Rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen
- Rett til verdig tenestetilbod i samsvar med helse- og omsorgstenestelova
- Rett til individuell plan
- Tiltak ved særleg tyngande omsorgsoppgåver
Du kan klage på rettigheiter der det ikkje er fatta einskildvedtak som omfattar:
- Rett til medverknad og informasjon
- Samtykke til helsehjelp
- Rett til innsyn i journal
Du kan klage på oppfølging frå helsetenester
Dersom du ikkje er nøgd med den helsehjelpa du får frå den kommunale helsetenesta, har du rett til å klage. Du kan også klage dersom du meiner at du ikkje får den helsehjelpa du har vedtak på, eller om du meiner at du har rettar som ikkje er oppfylte.
Klage på oppfølging frå helsetenester skal rettast til den aktuelle tenesta i kommunen.
Du kan også klage direkte til Statsforvaltaren dersom du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått:
Statsforvaltaren i Vestland: Klage på helsehjelp?
Om klagen
Det er du som har klagerett, men andre kan klage på vegne av deg dersom du har gitt skriftleg fullmakt til dette.
Fristen for å klage er 4 veker etter du har mottatt vedtaket. Klage skal sendast til Tildelingskontoret.
- Klagen skal vera skriftleg og underskriven av den som klagar eller representantar for denne
- Klagen skal innehalde dei forhold ein klagar over
- Du har som hovudregel rett til innsyn i eigen journal, og til innsyn i saksdokument som gjeld enkeltvedtak
Treng du rettleiing i prosessen, kan du ta kontakt med Tildelingskontoret.
Handsaming av klage
Når den skriftlege klagen er mottatt, vil Tildelingskontoret vurdere grunnane du oppgir for å klage. Dersom klagen viser til nye saksopplysningar, kan vedtaket endrast/fattast på nytt, eller feil og misforståingar rettast opp.
Dersom klagen ikkje får medhald eller endra vedtak, sender kommunen saka med alle saksdokument til Statsforvaltaren i Vestland for ny handsaming. Klageorganet vil gå gjennom saka og klaga di, og deretter anten stadfeste, oppheve, eller gjere om vedtaket til kommunen.
Dersom du har behov for rettleiing i klageprosessen, kan du ta kontakt med Pasient- og brukerombudet .
Lovar og reglar