Klage på helse- og omsorgstenester

Har du fått avslag på ein søknad? Har du fått mindre hjelp enn du meiner du har behov for? Eller er du misnøgd med helsehjelpa eller tenestetilbodet du får?

Då kan du klage til kommunen. 

Kva kan du klage på?

Klage på enkeltvedtak

Eit enkeltvedtak er ei skriftleg avgjerd frå kommunen om rettane dine til helse- og omsorgstenester. Du kan klage dersom du:

  • får avslag på søknad om tenester
  • får innvilga mindre hjelp enn du meiner du treng
  • meiner vedtaket ikkje oppfyller rettane dine

Klage på brot på rettar (utan enkeltvedtak)

Du kan også klage dersom du meiner rettane dine ikkje blir ivaretekne, sjølv om det ikkje er fatta eit enkeltvedtak. Dette kan gjelde:

  • Rett til medverknad og informasjon
  • Samtykke til helsehjelp
  • Rett til innsyn i journal

Klage på oppfølging eller kvalitet på helsehjelp

Du kan klage dersom du ikkje er nøgd med sjølve helsehjelpa du får frå kommunen. Du kan klage dersom du:

  • meiner du ikkje får den hjelpa du har fått vedtak om
  • meiner oppfølginga ikkje er forsvarleg
  • opplever svikt i tenesta

Kven kan klage?

Det er du som har klagerett. Andre kan klage på vegne av deg dersom du har gitt skriftleg fullmakt til dette. 

Slik klagar du

  • Klagefristen er 4 veker frå du mottok vedtaket, eller snarast mogeleg dersom du klagar på helsehjelpa. 
  • Klagen må vere skriftleg.
  • Du kan sende klagen via kommunen sitt digitale klageskjema.

Send klage på Helse- og omsorgstenester til kommunen

Dersom du ikkje kan bruke digital løysing, kan du sende skriftleg klage per post til Tildelingskontoret, eller ta saka opp direkte med den aktuelle tenesta.  Om du sender klagen per post bør den innehalde kva vedtak eller forhold du klagar på, kvifor du meiner det er feil, og kva endring du ønskjer.  

Du skal ikkje sende klage på e-post.

Treng du hjelp? 

Dersom du treng rettleiing eller hjelp i klageprosessen, kan du ta kontakt med Tildelingskontoret.

Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet kan gje deg informasjon og rettleiing om rettar og klagemoglegheiter. Tenestene deira er gratis, og du kan velje å vera anonym om du ønskjer det. Les meir om Pasient- og brukerombudet .

Kva skjer når du har klaga?

Når den skriftlege klagen er mottatt vurderer kommunen saka på nytt. Kven som behandlar klagen din, avheng av kva du klagar på.

Klage på vedtak om tenester

Dersom du klagar på eit enkeltvedtak (til dømes avslag på søknad eller omfanget av ei teneste), er det Tildelingskontoret som behandlar klagen først.

Tildelingskontoret vurderer vedtaket på nytt i lys av det du skriv i klagen. Dersom det er gjort feil eller det kjem fram nye opplysningar, kan vedtaket bli endra.

Dersom vedtaket ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.

Klage på sjølve helsehjelpa eller oppfølginga

Dersom du klagar på kvaliteten på helsehjelpa, gjennomføringa av tenesta eller manglande oppfølging, er det den aktuelle tenesta (til dømes heimetenesta eller sjukeheimen) som behandlar klagen først.

Tenesta skal gå gjennom saka og vurdere om det har skjedd svikt eller om det er behov for å rette opp forholda.

Dersom du ikkje er nøgd etter at tenesta har behandla klagen, kan du klage vidare til Statsforvaltaren i Vestland. 

Statsforvaltaren i Vestland: Klage på helsehjelp?

Lovar og reglar

Tildelingskontoret

Telefon 53 65 47 16
Tlf. tid: Måndag til fredag kl. 12:00 – 14:00.

Postadresse
Opheimsgata 31
5750 Odda