BustøtteBustøtte er ei statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge buutgifter. Kor mykje du eventuelt kan få i bustøtte kvar månad vert vurdert ut i frå inntektene og buutgiftene til husstanden din. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtte ordninga. Husbanken fattar vedtak. Kommunen behandlar sjølve søknaden og har kontakt med deg som søkjar.Meir informasjon finn du på Husbanken.noInformasjon om bustøtte på andre språkRettleiingsvideo om bustøtteKven kan søkja?Husstandar med låg inntekt og høge buutgifter som leiger eller eig bustad.Kva kan du få hjelp til?Informasjon, råd og rettleiingSøknadInformasjon om vedtakKlageSlik søkjer duSjekk om du vil få bustøtte på Husbanken sine nettsider.Dersom du har BankID, skal du søke digitalt. Dersom du ikkje har BankID kan du søke på papir. Papirsøknad sender du til Bustadkontoret i kommunen.Vedlegg som skal følgje søknaden Eigd bustadDokumentasjon på lån og andre buutgifterUtfyllande informasjon om kva vedlegg som skal følgje søknaden finn du i søknadsskjemaet.Leigd bustadKopi av husleigeavtale (ved leige av privat bustad)Ved leige av kommunal bustad treng du ikkje leggja ved kopi av husleigeavtalen din.Husbanken: Informasjon og søknadsskjemaSøknadsfristSøknadsfristen er den 25. i kvar månad. Kva skjer videre?Husbanken behandlar søknaden din og gjer vedtak. Du får skriftleg svar på søknaden din.Vedtak og eventuell utbetaling er den 20. i månaden etterpå. Dersom den 20. fell på helg eller heilagdag er utbetalingsdato fyrste virkedag før helg eller heilagdagen. Oversikt over utbetalingsdatoar finn du her. KlageDu kan klage på vedtaket innan 3 veker dersom du meiner det er feil. Klagen kan sendast digitalt via Min bostøtte på Husbanken.no for raskare behandling. Ynskjer du skjema tilsendt per post, ta kontakt med Bustadkontoret.Regelverk og satsar fastsette av Stortinget kan ikkje klagast på.Du finn meir informasjon om korleis du klager på Husbanken.noLovar og reglarLovdata: Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot (bustøttelova)Lovdata: Forskrift om bustøtteLovdata: Forskrift om klagenemnd for Husbanken