Planområdet er avgrensa som synt på kartet.HRP AS, på vegner av Ullensvang kommune, varsla 01.10.2025 oppstart av detaljreguleringsplan for Skarsmoen etter plan- og bygningslova § 12-8. Etter innspel frå NVE er det gjort nye vurderingar, då planområdet ligg i eit viktig naturområde og omfattar delar av nedbørsfeltet til det verna Opovassdraget. Det er derfor krav om ei omfattande konsekvensutgreiing (KU).
Samtidig med denne kunngjeringa blir forslag til planprogram lagt ut til offentleg høyring. Planprogrammet omtalar kva tema som skal utgreiast vidare og korleis planarbeidet skal gjennomførast.
Planområdet er det same som ved førre varsling, og er i dag regulert til industri, friområde og kommunalteknisk verksemd. I gjeldande kommuneplan for tidlegare Odda kommune er området sett av til dei same formåla.
Vedlegg til sak
Tidlegare dokumentasjon til saka
Politisk sak finn du her
Andre dokument i saka finn du her
Merknader/innspel
Frist for å kome med innspel er sett til 27.03.2026.
Send innspel digitalt her
Du kan og senda merknader/innspel som kan vera av interesse for planarbeidet per post eller e-post. Merk då innspelet med “Detaljreguleringsplan for Skarsmoen".
Ullensvang kommune
Spørsmål?
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til HRP ved Hernan Vasquez: hva@hrpas.no, mobil: + 47 99381015