Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Smelteverket Nord

Med dette varslast det om offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Smelteverket Nord - planID 46182024007. 

Utval for samfunn, plan og næring har i møte 26.11.2025 fatta følgjande vedtak i sak 084/25: 

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11 vedtek Utval for samfunn, plan og næring at detaljreguleringsplan for Smelteverket Nord - planID 46182024007 vert lagt ut på offentleg ettersyn i minimum seks veker. 

Planen vert lagt ut på offentleg ettersyn i åtte veker. I perioden planen er på offentleg ettersyn, ber Ullensvang kommune om innspel/merknader til planen. 

Frist for å komme med innspel er sett til 30.01.2026. 

Innspel/merknad

Send innspel/merknad digitalt

Du kan og senda innspel per brev eller e-post. Dei skal då merkast med "Merknad detaljreguleringsplan for Smelteverket Nord - planID 46182024007" og sendast til:

Ullensvang kommune

For nærare informasjon om planarbeidet, sjå vedlegg til møtesak i Utval for samfunn, plan og næring:

Møtesak med vedlegg