Nominer kandidat til Frivilligprisen 2025

Innan 19. november 2025 kan du nominere nokon du meiner fortener årets frivilligpris i kommunen. 

Ullensvang kommunestyre vedtok på møte 06.09.23 at det kvar år skal delast ut ein frivilligpris i Ullensvang kommune.

  • Alle innbyggjarar kan melde inn kandidatar til prisen innan 19. november 2025, og ein kan nominere einskildpersonar, grupper eller foreiningar.
  • Ein nedfelt jury går gjennom nominasjonane og velger kven som får prisen blant desse. 
  • Overrekkinga vert gjort på FN's internasjonale frivilligheitsdag den 5. desember kvart år i eit eige arrangement.
  • Prisen består av ei innramma utmerking samt at prisvinnaren kan dela ut kroner 25.000,- til valfri frivillig organisasjon eller organisasjonar.

Du kan lesa meir om dette i retninglinene til Frivilligprisen.

Du kan nominere kandidat i digitalt skjema, eller hente eit fysisk nominasjonsskjema på innbyggartorget eller på frivilligsentralane i Jondal, Kinsarvik og Odda.

Takk for at du engasjerer deg!

Nominer kandidat