Høyring av ny forskrift for motorferdsel i utmark og vassdrag

Ullensvang kommunestyre fatta den 16.10.24 følgjande vedtak i sak 106/24:

  1. Ullensvang kommunestyre legg nytt forslag til forskrift til lov om motorferdsel i utmark og vassdrag i Ullensvang kommune på høyring i minst 6 veker”.Vedlagt ligg forslag til ny forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag i Ullensvang kommune.
  2. Ullensvang kommunestyre varslar samstundes at gjeldande Forskrift til lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, Odda kommune, Hordaland vil bli oppheva når ny forskrift trer i kraft.

Ny forskrift vert lagt ut på høyring i 6 veker. I perioden forskrifta er på høyring ber Ullensvang kommune om innspel.

Frist for å koma med innspel er sett til 31.10.25.

Innspel

Send innspel digitalt her

Innspel per post/e-post skal merkas med “Høyringsinnspel forskrift om motorisert ferdsel i Ullensvang kommune, sak nr 22/701” og sendast til:

Ullensvang kommune

Vedlegg

Forslag til kommunal forskrift om motorferdsel i Ullensvang kommune (PDF, 226 kB)

Saksframlegg Ullensvang kommunestyre 106/24