Detaljreguleringsplan for Seljestad Vassverk vedteke

Kommunestyret har i møte 11.02.2026 09:00 fatta følgjande vedtak i sak 007/26: I tråd med Plan og Bygningsloven § 12-12 vedtar Ullensvang Kommunestyre
Detaljreguleringsplan for Seljestad Vassverk PlanID 46182023004 slik den ligg føre.

Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket.

Klagefristen er 3 veker rekna frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagd innan fristen på 3 veker. Klagen skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom fram.

Saksutgreiinga med vedtak frå Kommunestyret finn du her.