Byggesak, kart og oppmåling inviterer til frukostmøte
Korleis heng dei ulike planane saman, og kvar finn du informasjonen du treng for dine prosjekt?
Frukostmøte
Byggesaksavdelinga har gleda av å invitera bransjen til frukostmøte. Vi ynskjer å gje dykk informasjon og god innføring i planverket i kommunen. Målet er å skape betre forståing og meir føreseielege prosessar frå idé til byggesak. Det vert servert enkel frukost og kaffi.
Tid og stad
- Dato: torsdag 22. oktober 2026
- Tid: kl. 09.00 - 11.00
- Stad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Odda
Program
- kl. 09.00–09.15:
Frukost, kaffi og uformell mingling - kl. 09.15–09.25:
Velkommen og introduksjon v/ byggesak - kl. 09.25–09.50:
Kva er ein plan, og kvifor er den så viktig? Ein grunnleggjande gjennomgang av planen sin funksjon og juridiske betydning. - kl. 09.50–10.25:
Planhierarkiet forklart: frå kommuneplan til detaljregulering. Korleis styrer dei overordna planane dei mindre prosjekta? - kl. 10.25–10.45:
Kvar finn du plangrunnlaget? Praktisk guide til kommunen si kartløysing, planregister og andre viktige verktøy du må sjekke ut før du teiknar eller byggjer. - kl. 10.45–11.00:
Spørsmålsrunde og avslutning.
Påmelding
Arrangementet er gratis, men vi ynskjer tilbakemelding på kven som kjem på grunn av matservering. Tilbakemelding gjer de ved å sende ein e-post til:
Ullensvang kommune
Spre gjerne informasjonen vidare til dykkar kollegaer i bransjen - vi håpar på at flest mogleg har høve til å komme! Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.