Byggesak, kart og oppmåling inviterer til frukostmøte med tema: Korleis heng dei ulike planane saman, og kvar finn du informasjonen du treng for dine prosjekt?

Korleis heng dei ulike planane saman, og kvar finn du informasjonen du treng for dine prosjekt?

Frukostmøte

Byggesaksavdelinga har gleda av å invitera bransjen til frukostmøte. Vi ynskjer å gje dykk informasjon og god innføring i planverket i kommunen. Målet er å skape betre forståing og meir føreseielege prosessar frå idé til byggesak. Det vert servert enkel frukost og kaffi.

Tid og stad

  • Dato: torsdag 22. oktober 2026
  • Tid: kl. 09.00 - 11.00
  • Stad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Odda

Program

  • kl. 09.00–09.15: 
    Frukost, kaffi og uformell mingling
  • kl. 09.15–09.25: 
    Velkommen og introduksjon v/ byggesak
  • kl. 09.25–09.50: 
    Kva er ein plan, og kvifor er den så viktig? Ein grunnleggjande gjennomgang av planen sin funksjon og juridiske betydning.
  • kl. 09.50–10.25: 
    Planhierarkiet forklart: frå kommuneplan til detaljregulering. Korleis styrer dei overordna planane dei mindre prosjekta?
  • kl. 10.25–10.45: 
    Kvar finn du plangrunnlaget? Praktisk guide til kommunen si kartløysing, planregister og andre viktige verktøy du må sjekke ut før du teiknar eller byggjer.
  • kl. 10.45–11.00: 
    Spørsmålsrunde og avslutning.

Påmelding

Arrangementet er gratis, men vi ynskjer tilbakemelding på kven som kjem på grunn av matservering. Tilbakemelding gjer de ved å sende ein e-post til:

Ullensvang kommune

Spre gjerne informasjonen vidare til dykkar kollegaer i bransjen - vi håpar på at flest mogleg har høve til å komme! Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.