Torgplass

Det er mogleg å gjera avtale om å leige torgplass i Odda, Kinsarvik, Lofthus og Jondal.

Slik gjer du avtale

Ta kontakt med innbyggjartorget i kommunen og gjer avtale om leige.

Prisar

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Reglar for togplassane

  • Torgleiga kan betalast med kort eller kontant på innbyggjartorget i Ullensvang rådhus. Ein kan og avtala å få tilsendt faktura.
  • Oljesøl eller liknande frå torgbilane er ikkje tillate. Om nødvendig skal det leggjast plast eller liknande under bilen for å hindra slik forureining.
  • Kvar torghandlar må kosta og eventuelt spyla vekk laust avfall på plassen når dei er ferdig for dagen.

Reglar for torgplass i Odda

  • Inn- og utkøyring skal skje frå vest på nordsida av Torget 2/4. Området er skilta med innkøyring forbode, unntak er torghandlar med avtale.
  • Akseltrykk er sett til 6 tonn
  • Ein kan stå på torget frå kl. 08.00 – 22.00. Køyretøy eller anna utstyr som til dømes tilhengarar, kan ikkje stå på torget over natta.
  • Plassering av torgbilane skal i mest mogeleg grad stå i aust/vest retning. Benkane skal ikkje brukast til oppstilling av varer, og torgbilane må plasserast så langt frå benkane at dei kan nyttast av publikum.
  • Det er tilgang til straum i kvar ende av langsgående rabatt med hekk, og vatn i høgre ende ved vassrenna. Det trengst nøkkel til straumskap, avtal ved tinging av plass.