Ny, endra eller utvida avkøyring

Om du skal etablera, endra eller utvida eksisterande avkøyring og bygge utanfor byggegrense til offentleg veg må du søkja om løyve til det. 

Kva omfattar tenesta?

Tenesta omfattar behandling av søknader om avkjørsle og avstander til kommmunal veg. Dette kan vere ny avkjørsle eller utvida bruk av avkjørsle, og vedtak og uttaler til dispensasjoner som gjeld kommunal veg.  

Søknader om samtykke til bompenger på private veger vert også vurdert av veg og park.

Kven skal søke?

Alle grunneigare (heimelshavarar) som har ein eigedom som har eller skal ha avkjørsle til kommunal veg. Søknaden kan sendast inn av tiltakshavar.

Er soknaden ein del av ein byggesak som krev dispensasjon etter plan- og bygningsloven kan vi gje ein uttale. Uttalen kan tiltakshavar hente inn på førehand, eller vi mottek saka for høyring frå byggesak.

Forventningsavklaring

Behandlingstid

Kommunen skal behandla søknaden din så snart som mogleg. Det er ikkje lovfesta frist for behandling. For søknader som blir sendt på høyring etter plan-og bygningsloven vil vi svare så lang det lar seg gjere innan 2 veker.

Vi vil gje eit førebels svar innan 10 virkedager for søknader som er sendt inn via kommunen sitt postmottak og vert ført i saksbehandlingssystemet. Om søknaden har manglar, vil du få
skriftleg melding om dette. Bruk e-posten: postmottak@ullensvang.kommune.no

Gebyr

Det er gebyr for handsaming av søknader. Storleiken på gebyret er fastsett i kommunen si gebyrforskrift og vert justert årleg. 

Sjå her for alle kommunale avgifter, prisar og gebyr

Korleis søkje?

Søk digitalt her

Vedlegg som skal følgja søknad:

  • Situasjonskart 1:500 som viser plassering, siktlinjer og avstander til byggegrenser
  • Kvittering for nabovarsel er ikkje eit krav, men søknaden må vere opplyst slik at det ikkje er usikkerhet dersom tiltaket berører andre.
  • Om naudsynt skal det liggja føre ei erklæring der grunneigar gjev rett til bruk av eigedomen.
  • Kopi av løyve til tiltaket, dersom sak er handsama av bygningsmynde.

Klage på vedtaket

Om du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på 3 veker frå du mottok vedtaket. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen skal sendast til kommunen, som vurderer saka på nytt. 

Om vedtaket vert halde ved lag, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Ullensvang kommune

Lover og reglar

Lys blå sirkel med ei lyspære i mørk blå inni. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Alle førespurnadar som gjeld fylkesveg, riksveg eller europaveg skal rettast til Statens vegvesen tlf. 02030

Les meir på Statens vegvesen