Kommentar til § 4
Gebyret for tilknyting skal ikkje referere seg til nokon bestemt del av kostnadane som kommunen har på sektoren, men intensjonane med gebyret er at det skal dekkje ein forholdsmessig del av kommunen sine samla kostnader med vassforsyning og avlaup.
Denne forskrifta fastsett at abonnentar med bustad/fritidshus og andre typar abonnentar skal betale eitt tilknytingsgebyr pr. bueining eller næringseining uavhengig av storleiken.
Storleiken på tilknytingsgebyret er differensiert i fleire ulike soner i kommunen. Det er m.a. høgre gebyr i hytteområda på høgfjellet grunna høge utbyggingskostnader. Storleik på gebyra og inndeling av desse blir fastsett i fastsett i gebyrreglementet.
Garasjar som ikkje er ein bueining, skal ikkje betalast gebyr for tilknyting for.
Eksempel 1
Kombinasjonshus med 3 utleigeeiningar (bueiningar) og 1 næringseining blir tilknytt kommunalt nett. Bygget er ikkje seksjonert og har same eigar for alle einingane.
Det avgjerande her er kor mange einingar det er. I dette tilfellet vil det vere 4. Det må difor betalast 4 tilknytingsgebyr i dette tilfellet.
Eksempel 2
Ein einebustad med 1 bueining tilknytt kommunalt VA leidningsnett blir ombygd til å innehalde 4 utleige bueiningar. I dette tilfellet aukar tal bueiningar frå 1 til 4. Arealet blir ikkje auka. Det skal ikkje krevjast inn tilknytingsgebyr.
Eksempel 3
Eit hus med sokkelleilegheit med areal til saman på 200 m2 brenn ned. Tilsvarande stort bygg blir sett opp på same staden. Det skal då ikkje reknast nytt tilknytingsgebyr.
Eksempel 4
Ein landbrukseigedom blir tilknytt kommunalt VA- nett. På denne eigedommen ligg det 2 bueiningar (hovudhus og kårhus) samt ei næringseining (driftsbygning). Det skal betalast 3 tilknytingsgebyr for denne eigedommen.
Eksempel 5
Nybygd hytte med 3 ulike bueiningar blir tilknytt kommunalt leidningsnett. I dette tilfellet skal det betalast 3 tilknytingsgebyr.
Eksempel 6
Ein eigedom har tilknytt 1 hytte, neste år blir nye 5 hytter knytt til. Alle hyttene er utleige hytter med innlagt vatn /toalett. Desse blir å vurdere som bueiningar som det skal betalast tilknytingsgebyr for. I dette tilfellet 5 nye gebyr.
Eksempel 7
Landbrukseigedom med 1 våningshus, 2 fritidshus og 5 utleigehytter blir knytt til kommunalt nett. Alle utleigehyttene og fritidshusa er av høg standard med innlagt vatn/toalettdel. Det skal betalast 8 gebyr for tilknyting