Kommentar til § 10
Ved manglande innbetaling av årsgebyr, kan kommunen ta pant i eigedommen. Kravet på årsgebyr har, på linje med skatt, førerett framfor andre krav (heftelsar) på eigedommen.
Ved eigarskifte vert ubetalte faktura overført til ny eigar. Faktura vert ikkje delt opp mellom kjøpar og seljar. Dersom eigarskifte er midt i ein termin, må kjøpar og seljar ordna opp seg i mellom.
Tinglyst eigar er juridisk ansvarleg for kommunale eigedomsgebyr på eigedomen, og skal som hovudregel vere rekningsmottakar. Endring av rekningsmottakar vert berre unntaksvis imøtegått etter skriftleg søknad.
Abonnent er ansvarleg for at kommunen til ei kvar tid har rette opplysningar om eigedom/abonnement. Dersom abonnenten gjev feil opplysningar, eller ikkje oppfyller opplysningsplikta, kan Ullensvang kommune foreta ei avrekning tre år tilbake i tid jf. foreldelsesloven § 2. Det same gjeld dersom kommunen har feil gebyrgrunnlag på eigedomen. Dersom fritak vert innvilga på grunnlag av ukorrekte eller manglande opplysningar frå abonnent, kan kommunen etterfakturere frå fritaksdato. Dersom vilkåra for fritak ikkje lenger er oppfylte, pliktar abonnent/eigar å gje kommunen skriftleg melding.
Kommunale eigedomsgebyr blir regulert etter opplysningar om bygg i matrikkelen. Matrikkelen er det offisielle eigedomsregisteret med oversikt over eigedomar, tinglyste eigarar, bygningstatus/type, bruksareal etc. Kommunen er pliktig til å føra opplysningar om bygningar i matrikkelen jf. matrikkellova. Eigarar av bustader som blir nytta som fritidshus, kan be om å koda om av bygningsstatus i matrikkelen, utan å søkja om bruksendring i plan- og bygningslova. Dersom bygningsstatus blir endra til «bustad nytta som fritidshus», får bygget kommunale eigedomsgebyr regulert som fritidshus. Ved endring av tal bueiningar, blir kommunale eigedomsgebyr regulert frå neste termin.