Forskrift om vass- og avlaupsgebyr (med kommentarar)

3 Gebyrtypar

§ 3 Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn og avlaup:

  • Tilknytingsgebyr
  • Årsgebyr
  • Sakshandsamingsgebyr for mellombels tilknyting 

Kommentar til § 3

Kommunen har innført tre gebyrtypar på vass- og avlaupssektoren. I følgje ” Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg” skal det både vere eingongsgebyr og eit årleg gebyr. Årsgebyret har ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr) slik ”Forskrift om begrensing av forurensinger” krev.

Det er og innført eit sakshandsamingsgebyr for mellombels tilknyting.

Det vil vere tilhøve som gjev grunnlag for tillegg eller fråtrekk i årsgebyret jf. § 6.

Nærare omtale er gitt under dei enkelte paragrafane.