Forskrift om vass- og avlaupsgebyr (med kommentarar)

6 Frådrag eller tillegg i årsgebyret

§ 6 Frådrag eller tillegg i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda ein abonnent har er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli rekna ut på grunnlag av stipulert avlaupsmengde, ev. kan avlaupsmengda målast særskilt.

Dersom avlaupsvatnet skil seg vesentleg frå vanleg hushaldsavlaup, kan det reknast tillegg eller frådrag i årsgebyret (forbruksgebyret).

Dersom ein eigedom i lengre tid blir plombert/fråkopla det kommunale vass- og/ eller avlaupsnettet, kan abonnenten etter søknad fritakast frå forbruksgebyret (variabelt ledd) i denne perioden. Abonnenten må sjølv dekkje kostnadene med å kopla frå  /plombering frå hovudleidning. Eventuelt fritak gjeld frå første månad etter at søknaden er godkjent og ansvarleg røyrleggjar har sendt kommunen dokumentasjon på at leidning er kopla frå/plombert. Fritak kan gjevast for inntil eitt år, og gjeld ikkje tilbake i tid. For å få samanhengande fritak, må ny søknad sendast kommunen før tidlegare fritak går ut.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløpsvatn gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

Kommentar til § 6

Avvik mellom vassforbruk og avløpsmengde vil m.a. kunne gjelde næringsverksemder der vatn inngår i produkta, t.d. bakeri, eller der vatn blir brukt til kjøling utan at det etterpå går inn på kommunalt avløpsnett. Det vil og m.a. kunne gjelde bustad- og fritidseigedommar som har toalettsystem som ikkje brukar vatn og for landbrukseigedommar.

Avvik med omsyn til innhald i avløpsvatnet vil kunne gjelde verksemder der konsentrasjonen av organisk materiale, næringssalt, feitt og liknande i avløpsvatnet er langt høgare enn i vanleg hushaldsavløp.

Det er og aktuelt i område der abonnentane har eigen slamavskiljar og der det er ingen kommunal reinsing av avløpsvatnet.

For verksemder der avløpsvatnet utgjer ein vesentleg del av den samla avløpsmengda som blir tilført det kommunale anlegget, bør det normalt inngåast særskild avtale om storleiken på gebyret.
Føresetnaden for tillegg eller reduksjon i gebyret er at kommunen får auka eller reduserte kostnader med drift av sine avløpsanlegg. Storleiken på tillegg/frådrag blir fastsett etter avtale mellom abonnent og kommune ev. av kommunen dersom slik avtale ikkje kjem i stand.

Alle fråtrekk eller tillegg i årsgebyret som er nemnt ovanfor gjeld berre forbruksgebyret.

Dersom ein eigedom ikkje er i bruk over lenger tid, vil det etter søknad kunne gjevast fullt fritak for forbruksgebyret. Evt. fritak gjeld frå første månad etter at søknaden er godkjent, og abonnenten har gitt kommunen melding om at leidningane er kopla frå/plombert.
Det kan ikkje krevjast nytt tilknytingsgebyr i samsvar med § 5 når tilkopling skjer.

Restriksjonar for bruk av vatn, for eksempel forbod mot eller redusert hagevatning, periodevis utkopling når det er lite vatn eller liknande, gjev ikkje grunnlag for fritak eller redusert gebyr. Det same gjeld ved kortare avbrot i samband med lekkasjar, utbetring av leidningsnett, byggeprosjekt og liknande.