Kommentar til § 5
Fordeling mellom abonnementsledd og forbruksleddet blir fastsett av kommunestyret kvart år i samband med vedtak av gebyrregulativet.
Abonnementsgebyr er uavhengig av brukarkategori og dermed likt for alle abonnentar.
Forbruksgebyret kan målast eller stipulerast for bueiningar og fritidseiningar (bustad og fritidshus), og skal målast for næringseiningar (næringsbygg, offentlege bygg og kombinasjonsbygg). For burettslag gjeld reglane for bustadhus.
Dersom det ikkje er praktisk mogleg å få montert ein vassmålar på ein frostsikker stad, blir forbruket fastsett av kommunen etter ei konkret vurdering av kva som er venta forbruk for eigedommen.
Både abonnent og kommune kan krevje betaling etter målt forbruk. For kommunen kan det vere særleg aktuelt å krevje vassmålar montert der abonnenten har installert svømmebasseng/badestamp el.
Avlaupsgebyret skal reknast ut frå at avlaupsmengda blir sett lik målt eller stipulert vassforbruk. Eventuelt unntak frå denne regelen går fram av § 7 i Forskrifta.
For kombinasjonsbygg kan forbruksgebyret i særlege høve, der det er fysisk vanskeleg å installere vassmålar, og etter skriftleg søknad, bli rekna etter areal.
For garasjar skal det berre betalast for variabelt ledd.
Eksempel 1
Kombinasjonsbygg med 8 butikkar i 1. etasje og 8 bueiningar i 2. etasje. Av bueiningane i 2. etasje er 3 seksjonerte ut med eige seksjonsnr. medan 5 er utleige bustader.
Det skal betalast i alt 9 abonnementsgebyr dvs. 8 for bustadene (bueiningane) og 1 for næringsdelen.
Vassbruket skal målast for næringsdelen. For bueiningane kan forbruket målast eller stipulerast.
I særlege høve og der det blir kostbart/vanskeleg å få til ei fornuftig måling av vassforbruket kan dette stipulerast for heile bygget under eitt. Det skal då sendast skriftleg søknad til kommunen.
Eksempel 2
Gardsbruk med 2 våningshus på eigedommen. I gardsdrifta inngår driftsbygning, lagerbygning og 5 utleige hytter. Alle hyttene har høg standard med innlagt vatn/toalettdel.
Det skal betalast 1 for næringsdelen, 2 for dei 2 bueiningane og 5 for utleigehyttene, til saman 8 abonnementsgebyr – fast ledd.
Eksempel 3
Einebustad med eige sokkelhusvære med eige kjøkken og separat inngang på 45 m2 til utleige. Sokkelhusvære i einebustad blir rekna som eige bueining. Det skal difor berre betalast to abonnementsgebyr – fast ledd. Forbruksledd skal betalast ut frå samla forbruk til heile einebustaden anten målt eller stipulert.
Eksempel 4
Einebustad med 4 hyblar i sokkel. Kvar av hyblane har eit areal på 15 m2. I tillegg kjem felles kjøkken og toalett. Hyblane har eigen inngang. Hyblane blir ikkje rekna som eigne bueiningar. Forbruksledd skal betalast ut frå samla forbruk til heile einebustaden enten stipulert ut frå areal eller målt. Tal abonnementsgebyr – fast ledd blir i slike bygg fastsett etter tal brukseiningar i matrikkelen.