Som kunde har du høve til å be vassverket/kommunen om informasjon om drikkevasskvaliteten.
Viss det oppstår forhold som kan medføra helsemessig risiko eller vesentlege endringar i drikkevasskvaliteten, skal vassverket/kommunen informera mottakarar av vatnet om dette og om moglege forholdsreglar dei bør ta. Kommunen/vassverket har eit internkontrollsystem for å ta hand om slike situasjonar, oppdaga feil på vassforsyninga og varsla feil til mottakarane av vatnet.
Du kan og registrera deg sjølv på feks jobbadresse, hytta eller foreldre si adresse på varslemeg.no, då vil du og få meldingar som gjeld dei aktuelle adressene.
Les meir om Varsling på SMS-, telefon og e-post her.